Årsmøte 2017

Førdehuset, Utstillingssalen onsdag 8 februar 2017

Telepensjonistlaget Sogn og Fjordane.

Protokoll frå

Årsmøte i Telepensjonistlaget onsdag 08 februar 2017 kl 1100.
Møtestad: Førdehuset/Utstillingssalen.

                     Sak 1. Opning
Leiar for telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane,  Oliv Ottesen ynskte dei  frammøtte velkomne til årsmøtet.  Ho ønske spesielt dei 3 frå IMG_1504Sogndal og Roy Knag Jæger, representant frå forbundet velkomne. Forsamlinga mintes dei 2 som var gått bort frå førre årsmøte – Jenny Berntzen, Stryn og Harald Steiro, Førde med eit minutts stillhet.

                   Sak 2. Aktuelle saker v/Roy Knag Jæger

Nestleiar i forbundet Roy Knag Jæger orienterte .
–  forslag om fjerning av kontingentfritak. Fritak ikkje nemnd i vedtektene.
–  nye honnørmedlem skal ikkje etablerast –  æresmedlemsskap. Forslag frå lokallag eller landsstyret og utnemning av landsmøtet.
–  direkte medlemskap i forbundet
–  minimumskontingent på kr 100
Dette er forslag som vil komme opp til handsaming på Landsmøtet i mai 2017.
IMG_1519Takk til Roy og blomar frå Oliv.

Sak 3 – Navneopprop
Det var 29 røysteføre deltakarar.

Sak 4 – Godkjenning av innkalling og sakliste
Leiar refererte saklista. Ingen merknadar.

Sak 5 – Val av møtedirigent –referent –teljekommite samt to til å underskrive møteprotokoll.
Disse blei valt: Harald Runde møtedirigent, Kristian, ref – Rannveig Gjerde og Arne Gjerde teljekom/underskrift av protokollen.

Sak 6 – Årsmelding
Oliv hadde som vanlig laga ei fyldig og god årsmelding som synte aktivitetane i laget. Ho gjekk i gjennom årsmeldinga for 2016 punkt for punkt med kommentarar.

Info/merknadar/diskusjon under  gjennomgangen:

  • Medlemstilgangen etter turen til Sogndal vart på heile 20 stk. Totalt har laget no 127 medlem ved årsskiftet.
  • Kombinere turar og medlemsmøter utanom Førde
  • Trening og rabatt for grupper på Puls og Spenst. Spenst – tilbod på trening for LHG medlem vert undersøkt.
  • Boccia – ny oppstart til våren med trening måndagar kl 1000. Oppmenn: Arne og Erik.

        Årsmelding – godkjent.

Sak 7 – Rekneskap
Konstituert kasserar, Kjell Hjelm  gikk gjennom revidert rekneskap for 2016 og kommenterte dei enkelte postane. Laget hadde i 2016 eit overskot på kr 911,95.  Største inntektspostane er overføringar frå Forbundet og medlemskontingent. Størst utgiftspost er årsmøtet, medlemsmøter og julelunsjen. Disse postane viser stor aktivitet i laget .  Grundig og godt rekneskap som vanleg !

Rekneskap – godkjent.

Sak 8 – Medlemskontingent
 Ingen endring – godkjent.

Sak 9 – Endring av vedtektene
Ingen endringar – godkjent

Sak 10 – Innkomne forslag.
Ingen forslag  – godkjent.

Sak 11 – Budsjett                                                                                                                                                                                            Kasserar gikk gjennom budsjettet for 2017 og kommenterte postane. Budsjettet for 2017 syner eit underskot på kr 10 810. Underskotet har bakgrunn i utgifter for deltaking på landsmøtet 2017 og turar/arrangement.

Budsjett – godkjent.

Sak 12 –Turopplegg
Bjørg Vie orienterte.  Grunna manglande påmelding vart det ingen turar i 2016. Med bakgrunn i den planlagde  2 dagar turen til Indre Sogn i 2015, vart det berre lagt opp til dagstur til Værlandet/Bulandet  i 2016. Også denne måtte avlysast grunna få påmelde.  Turar i 2017 bør arrangerast i samband med medlemsmøte utanom Førde.

 

Sak 13- Val
 Møtedirigent presenterte valnemnda sitt forslag.

Leiar                            Oliv Selstad Ottesen   ( attval for 1 år)
Nestleiar                    Helge Ottesen             ( ny val for 2 år)
Kasserar                     Kjell Hjelm                    (ny val for 2 år)
Sekretær                    Kristian Strømmen      (attval for 2 år)
Styremedlem            Signe Sva                      (ny val for 1 år)

1 varamedlem:          Anders Aven               (ny val for 1 år)
2 varamedlem:          Målfrid Haveland         (attval for 1 år)
Revisor:                       Gerd Osland                 (ikkje på val, 1 år til)
Oddlaug Åsen               (ny val for 2 år))
Vararevisor:                Greta Dale                    (ny val for 1 år)
Turnemnd:                  John Grønseth             (ny val for 2 år))
Rolf Solheim                 (ikkje på val, 1 år til)
Valnemnd:                   Arne Gjerde                (ny val for 2 år)
Johanna Barstad       (ikkje på val, 1 år til)
Oddlaug Hjelm           (ikkje på val, 1 år til)
Arne Gjerde  innkallar valnemnda.

Valet  godkjent med akklamasjon.

 

SAK 14 – Avslutning
Oliv takka for frammøtet og eit godt gjennomført årsmøte. Målfrid Haveland fikk blomar og gåve i samband med 85 årsdagen sin 11 januar 2017. Ho fikk mykje velfortent ros for den jobben ho gjer med listene for jubilantar og helsingar i samband med jamne åremålsdagar !

Så var det middag – kjøttkaker, dessert og kafe – som smakte godt !

Kristian (ref)

Godkjent:

 

Arne Gjerde                                    Rannveig Gjerde