Medlemsmøte på Kaupanger 29.09.2016

Felles medlemsmøte på Dei Heibergske Samlinger

Sogn og Fjordane Telepensjonistlag sin medlemstur til Indre Sogn.

Torsdag 29. september reiste styret i telepensjonistlaget saman med 13 andre medlemmer frå Florø, Naustdal og Førde til eit felles medlemsmøte med telepensjonistar  og tidligare kollegaer i Sogndal og Lærdal. Møtestaden var sett til Sogndal Folkemuseum, Dei Heiberske Samlinger på Kaupanger. Køyreturen dit tek sog-0916-17om lag 2 timar frå Førde og ein time meir frå Florø. Turen går gjennom naturfagre  Jølster med den ville og flotte Kjøsnesfjorden, omkrinsa av høge og stupbratte fjell. Vidare gjennom Fjærland med sin vakre natur og den flotte Bøyabreen like ved riksvegen. Den flotte naturen viste seg rettnok ikkje frå si beste side den dagen. Regnet hølja ned og skydekket låg lågt, men til gjengjeld fekk vi ei flott naturoppleving med flomstore elvar og med alle dei små bekkane som fossa nedetter dei bratte fjellsidene. Sogn og Fjordane er flott – uansett vèr.

Då Sunnfjordingane møtte Sogningane på Kaupanger var vi blitt 47 i talet. Det kom 23 frå Sogndal og 6 frå Lærdal. Berre eit fåtal av desse var medlemmer i Sogn og Fjordane sitt telepensjonistlag. Gjensynsgleda var stor med å treffe gode kollegaer att. Mange hadde ikkje sett kvarandre på over 20 år, så praten gjekk livleg og alle måtte helse på kvarandre.

sog-0916Då møtet omsider starta opp inne på Dei Heiberske Samlinger, vart vi først ønskja velkomne av avd.direktøren for museet med vakker song av to gamle stev. Deretter tok leiaren av pensjonistlaget ordet og ønskja alle velkomne. Styret vart presentert, og deretter måtte alle gje seg tilkjenne med handsopprekking ved namneoppropet.

Ein  liten pause som oppstod før maten vart servert, vart elegant utnytta med flott trekkspillmusikk og song av ein representant frå Lærdal. Sunnfjordingane  var svoltne etter den lange køyreturen, så det smakte godt med kaffi, rundstykkje og svært god heimlaga eplekake med krem.

sog-0916-5sog-0916-14Etter ei lang matøkt med mykje prating ved alle småborda, var det kasseraren sin tur til å fortelje om laget sin økonomi som er god, og at laget ville betale det maten og møtelokalet kosta, men bilkøyringa måtte vi betale sjølve. Han fortalde og om laget sin medlemskontingent og  kontingenten til og frå Forbundet. Likeeins forholdet med  honnørmedlemmer og deira kontingent. Kasseraren fortalde og om fordelane med å vere medlem, og kva det bidrog til. Han la heller ikkje skjul på at vi ønskte fleire nye og yngre medlemmer då gjennomsnittsalderen i laget er høg. Heile 22% er over 85 år. Kasseraren skal ha mykje av æra for at vi fekk fleire nye medlemmer etter at han var ferdig med si utgreiing.

Deretter tok sekretæren/ superbrukaren på nett ordet, og synte på lerret ved hjelp av PC og framvisar Telepensjonisten.no si heimeside, og korleis alle kunne bruke den på eigen PC.

sog-0916-7Etterpå vart det ei ny runde med trekkspelmusikk og hyggeleg prat. Då det koselege samveret vart avslutta etter ca. 3 timar, hadde Telepensjonistane Sogn og Fjordane  fått 10 nye medlemmer. Det er ein medlemsauke på om lag 9,5%. Det må vi seie oss godt nøgde med. Likeeins det gode frammøtet og den positive opplevinga som var med felles medlemsmøte mellom Sunnfjordingar og Sogningar.

Helge Ottesen (styremedlem)
sog-0916-13sog-0916-12sog-0916-11sog-0916-10sog-0916-9sog-0916-8sog-0916-6sog-0916-4sog-0916-3sog-0916-2