Fellesmøtet for telepensjonistar i Sunnfjord og Indre Sogn, torsdag 11. mai 2017.

Fellesmøtet for telepensjonistar i Sunnfjord og Indre Sogn,  torsdag 11. mai 2017.

Møtestad Norsk Villakssenter

Deltakartalet vart slått med god margin frå fellesmøtet i fjor. Då reiste vi 15 frå Sunnfjord og møtte sogningane på Folkemuseet på Kaupanger. Samla var vi då 46 telefolk. No reiste vi 22 medlemmer  frå Førde, og då vi var samla i Lærdal var vi blitt 59 i talet. Men medlemsauken frå fellesmøtet i fjor med totalt 20 nye medlemmer, klarte vi ikkje å slå. Denne gongen fekk vi 5 nye, og det må vi seie oss godt nøgde med.

Veret var betre denne gongen, og vi hadde ein fin køyretur i 5 privatbilar frå Førde. Også denne gongen kom den med lengst reise frå Florø. Egil Strømmen hadde ei reisetid på over 6 timar tur/retur.

Gjensynet og gleda med å møtes att var stor, og at fleire nye var kome til var ekstra gildt. Klokka 12 møttes alle inne på laksesenteret til god fiskesuppe med brød og smør til. Etterpå var det kaffi og kake. Etter den lange matøkta med mykje prating,  kunne vi gå og sjå oss om inne på laksesenteret, etter først å ha sett ein interessant film om vill laks.

Deretter samla vi oss på eit stort og lyst møterom, som vi hadde heilt for oss sjølve. Her ønskte leiaren, Oliv, vel møtt og orienterte frå Landsmøtet i Oslo som ho, Kjell og Helge kom frå dagen før. Kjell orienterte om telepensjonistane generelt, om økonomien både til Forbundet, laget vårt og medlemskontingenten. Økonomien vår er bra og Kjell sa at viss alle betalte kr. 100,- så skulle laget vårt betale resten av kostnadane med mat og møterom. Helge gjorde greie for medlemstalet som no er 125. Dersom vi fekk 6 nye på dette møtet, ville vi bli  6te størst av 33 telepensjonistlag i landet. Vi fekk 5 nye  under møtet, og har no fleire medlemmer enn vi nokon gong har hatt (130).

Også denne gongen hadde Elle dragspelet med, og drog opp med eit par melodiar med song til. Det høvde og bra med dragspelmusikk til gebursdagssongen då ein av deltakarane hadde gebursdag den dagen, leiaren om to dagar og ein 75 årsjubilant nokre dagar seinare. Alle fekk kvar sin bursdagssong og applaus.

Etterpå gjekk vi ut i fint solskin og vitja Telemuseet og Postmuseet som er i same bygg, og i gangavstand frå der vi var. På begge musea var det mykje interessant å sjå. Alt på telemuseet kom frå Lærdal, fortalde Harald  Runde. Han har vore med og bygd opp telemuseet. Oddkjell Bosheim var ein stor bidragsytar og skal og ha mykje av æra for Telemuseet. To snor-sentralbord var intakte , og då Harald satt i straumsikringa  virka dei, og ein samtale kunne setjast opp av Signe Sva.

Då vi var ferdig på museet, sette vi oss i bilane og køyrde til kyrkjegarden og vitja grava til Oddkjell Bosheim. Oddkjell hadde vore  leiar for mange i Indre Sogn og var svært godt likt. Vi mintes Oddkjell for alt han stod for, og planta ein blome på grava hans.

Til slutt var det omvising til dei gamle trehusa på Lærdalsøyri av kultursjefen i Lærdal. For mange var det mykje interessant med gamle hus og deira historie. For andre ikkje fullt så interessant. Og for sogningane lite interessant, for dei hadde sett det så mange gonger før og kjente historiene. Då det og vart ein sur og kald vind, vart det til at ein etter ein datt frå og reiste heim til sitt, så det vart mest berre sunnfjordingar att på slutten av omvisinga.

Dette var ein fadese vi har tatt læring av. Neste gong vi har eit slikt fellesmøte, vil vi ikkje ha så mykje program utanom møtet som er uinteressant for dei som bur i området. Vi bør heller ha ei samling på slutten der alle er med og kan skiljast på same tid, takke for laget og ta avskjed med kvarandre.

Elles var det ein svært vellukka tur. Signe og Elle skal ha stor takk for det dei hadde fått  til.

Helge Ottesen (ref.)