Sommaravslutning på Voss

Sommaravslutning på Voss

Me hadde veldig kjekk sommaravslutning 13. juni. - God sommar

16 telepensjonistar i slutta lag – treffest på Løno – du for ein dag.
Til rjomegraut, flattbrød, spekemat og laks – tenk alt godt me fekk, og alle til lags.
Og mykje god drikke, det var det me ville ha – ingen i verda har det så bra.
I tillegg fekk me historiar om gamle og nye ting, beint så me måtte mimra og fekk tankane i sving.
Takk til alle på Løno som har stelt så fint i stand.
Takk til Geir for velkomsten hans.
Takk og til Kjellaug som tok oss med hit, dette vil me hugsa – bit for bit.

Alt godt frå oss alle.