Styremøte 01.03.2016

TELEPENSJONISTLAGET
SOGN OG FJORDANE                                                  

REFERAT

Frå styremøte, Førde hotell, tysdag 01.03.2016 kl. 1030

Til stades: Oliv Ottesen, Helge Ottesen, Kjell Hjelm og Kristian Strømmen
Fråvær: Harald Steiro og Dagunn Klakegg
Sak 1.   Referat frå  styremøte  05.01.2016
I
ngen merknader, men innhaldet kommentert.

Sak 2.   Årsmøtet 2016
Ingen merknadar, men innhaldet kommentert:
På årsmøtet hadde styre lagt fram forslag på at Honnørmedlemar – dei over 85 år – skulle
betale ein «symbolsk» redusert medlemskontingent . Kontingenten vart sett til kr 50.
Bakgrunn for forslaget er at statstilskotet til pensjonistorganisasjonane vert gjeve ut
frå tal medlemar som sjølve har betalt medlemskontingent til si lokalforeining.
Vedtak: Frå ein alder vedtatt av årsmøtet kan medlemane bli HONNØRMEDLEM med  redusert kontingent.
               Forslaget vart vedteke av eit samla årsmøtet.

Forslag: Lage eige skriv til dei som kjem inn under dette vedtaket. Liste frå Harald.

 

Sak 3. Verving av nye medlemar
Tur til Lærdal vart diskutert og planlagt gjennomført ila april16. Sende skriv til medlemane og invitere dei på møte.
Styret har fått tilsendt nytt materiell som kan brukast  for verving av nye medlem. Tiltak vart
diskutert både på styre- og medlemsmøte.  Alle vart oppmoda til å gjere ein innsats her.

Sak 4 Turar og møtestadar
Turnemnda har sett på fleire turar som kan avviklast på ein dag.  Tur til Balestrand/Siderhuset, Skifjorden, Gaularfjellet og det nye utsiktsplatået, Jølstra Museet,  m.fl
Neste medlemsmøte  er tysdag 5 april og vert lagt til Movika. Alle møter på «Laksen» kl 1100 for transport i eigne bilar.

.
19 på medlemsmøte
Kristian (ref)