Styremøte 01.09.2015

Hei!
Det vart ikkje noko styremøte tysdag 1. september då 3 av styret sine 5
medlemmer hadde meldt avbud. 1. vara, Anders Aven, var klar til å møte,
men då det berre var 2 att frå det sitjande styret fant vi ut at det hadde
lite føre seg med eit styremøte.

Medlemsmøtet gjekk derimot som planlagt med 17 frammøtte, og det tykkjer vi var bra tatt i betraktning at det var
første møte etter ferien.

Oliv gjore greie for alle som hadde sendt takkekort for
blomsterhelsinga dei har fått. Målfrid fekk aplaus for den gode jobben
ho gjer med å halde styr på – ordne med alle blomsterhelsingane både
til åremålsdagar og gravferder.

Det vart ytra ønskje om ei dagstur no i haust, og Rolf Haugnes hadde
møtt opp for å prensentere ein tur til Bulandet og Værlandet med
hurtiggåande skyssbåt frå Kvellestad ( i nærleiken av Svortevika).
Skyssbåten tek 17-18 passasjerar og kjem på kr. 4000,-. Då interessen
for denne turen var stor frå dei frammøtte vart vi einig om dette
opplegget:

Turen startar kl. 0800, onsdag 16. september med frammøte på
Utstillingsplassen i Førde for å samkøyre transporten med eigne bilar.
Påmelding til Helge, tfn. 47 27 86 50 innan laurdag 12. sept. Dersom
påmeldinga vert over 18, har dei som var på medlemsmøtet 1. prioritet,
deretter etter kvart som påmeldinga kjem inn.

Vi bør ha med kaffi/te på termpos og noko å bite i. Elles vil Birgit
ordne med varm mat enten på Bulandet eller Værlandet.

Dette kan bli ein kjekk tur, så ikkje nøl med å melde deg på. Det kan
bli rift om plassane. Turen blir utsatt dersom veret er dårleg.

Vidare på medlemsmøtet kom kjøkkensjefen på Førde
Hotell med eit skriftleg tilbod på kr. 295,- pr snute for julebord dersom det vart
arrangert utanom ei helg. Eg gjekk rundt og såg på¨dei romma som kunne
vere aktuelle for oss, og det såg lovande ut. Kjøkkensjefen som er ny,
garanterte god og varm mat.

Bjørg hadde nyleg vert i eit selskap der dei var 68 personar, og ho
skrytte av den gode maten dei fekk på «nye Førde hotell».

Vi diskuterte dette på medlemsmøtet og stemninga for å nytte Førde
hotell denne gongen var stor. Ingen hadde motførestilling.
Eg førehandsbestilte dermed julebord med kjøkkensjefen – første eller
andre uka i destember, men gjorde det klart at styret måtte gje si
godkjenning, og at vi ville kome attende med endeleg bestilling.

Eg trur Førde hotell vil gjere alt for at vi skal få best mogleg oppleving av
julebord der, og at dei ønskjer oss som deira fastegjestar.

Vi får handsame dette på neste styremøte.
Og Kristian bør vel legge inn på «Telepensjonisten»  turen til
Bulandet/Værlandet.

Mvh. Helge