Styremøte 02.06.2015

TELEPENSJONISTLAGET

SOGN OG FJORDANE

REFERAT

Frå styremøte, Førde hotell, tysdag 02.06.2015
kl. 1100

Til stades: Oliv Ottesen, Helge Ottesen, Dagunn
Klakegg, Kristian Strømmen

Fråvær: Harald Steiro

Sak 1.  Referat frå styremøte 22.04.15

Godkjent utan merknader.
Sak 2.   Skriv frå forbundet

Det har i lengre tid vore ein feilsituasjon som har medført at bilde og dokumentasjon ikkje kan igjen finnast.  For å unngå slike situasjonar i framtida er ein no i gang med å finne  ei anna
teknisk løysing for telepensjonistene.no.
Sak 3. Informasjon frå Landsmøtet 27 og 28 mai 2015.

Våre utsendingar til møte var Oliv Ottesen og Dagunn Klakegg.

Oliv orienterte om dei mest aktuelle sakene .

– organisasjonsutvalets innstilling

– honnør medlemar og korleis dei skal handsamast i samband med kontingentar og
medlemsteljing.

– handlingsprogram 2015 -2017. § 5 i Landsstyrets arbeidsprogram pkt 1.

6 pkt som Dagunn bad Landsstyret ta
inni sitt programmet og jobbe vidare med ilag med sine samarbeidspartnadar.

Det vart vald inn fleire nye representantar i det nye styret som trer i funksjon frå 1 juli 2015. Oliv gav
ein kort presentasjon av det nye styret .

(Uttalt under middagen: Landsmøtet hadde
vore kjeisam utan representantane for S&Fj og deira engasjement under landsmøtet !!!)

 

Sak 4. Avlyst tur til Sogn grunna dårlig på melding.

Saka vart drøfta på medlemsmøte.

Turnemnda  hadde nedlagt eit stort arbeid
med turen til Indre Sogn med overnatting på Tørvis Hotell 2-3 juni 2015. Det
var på eit tidlegare medlemsmøte lodda stor interesse  for tur med overnatting , men turen måtte
diverre avlysast grunna  liten påmelding.

Konklusjonen var at dagsturar var mest aktuelle for å få med flest mulig deltakarar.

Tur til Bulandet eller andre stadar til hausten ???

Arne Gjerde: Boccia – liten deltaking  frå oss. Førdehuset  måndagar
kl 1000.

 

Sak 5.  Gåve frå Teletrim

Vi har fått melding  om at Telepensjonistane vil få overført kr 25 000 frå Teletrim. Vi har gjeve tilbakemelding på at vi hadde forventa eit større beløp.

Kristian orienterte litt om saka som har teke svært lang tid.

14 på medlemsmøte

Kristian (ref)