Styremøte 03.03.2015

TELEPENSJONISTLAGET

SOGN OG FJORDANE

REFERAT

Frå styremøte, Førde hotell, tysdag 03.03.2015 kl. 1100

Til stades: Oliv Ottesen, Harald Steiro,  Dagunn Klakegg, Kristian Strømmen
Fråvær: Helge ( på Lofotfiske)
Sak 1.   Referat frå styremøte 06.01.15
Godkjent utan merknader.

Sak 2.   Kort evaluering av årsmøtet

Ingen merknader – alle godt fornøyd med avvikling, lokale og kjøttkakene.

Sak 3 Vervekampanje/vervetur til Sogn.
Styret planlegg tur til Lærdal og vil samle medlemmer og andre potensielle kandidatar
i området til samling i Lærdal. Byssheim sender liste over til Oliv og hun tar kontakt med Målfrid Lindesteg  og sjekkar interessa for eit slikt møte.
Oliv held kontakt med aktuelle på museums kafeen.
Sak 4 Eventuelt
Dagunn har lage eit innspel i diskusjonen til forslaget frå Organisasjonsutvalet. Dette forslaget ynskje ho gjort kjent som innlegg i Telepensjonisten. Der møtte ho veggen hos ansvarlig redaktør som ikkje ynskte slike innlegg frå enkeltpersonar.

Dagunn tar saka vidare for ei avklaring av «presse og ytringsfriheten»  i medlemsbladet.  Evt blir dette ei sak vårt styret melder inn til Landsmøtet 27 mai 2015.
Anders Aven orienterte om bowling aktivitetar og ynskje lag frå Telepensjonistane til turneringa til hausten.
Arne Gjerde: Boccia – liten deltaking  frå oss. Førdehuset  mondagar  kl 1000.

Tur til Indre Sogn med overnatting på Skjolden hotell.
Birgit, Bjørg og Erik orienterte. Planlagt avreise 02.06.15 kl 0800 med buss frå Førde.  Kjører til Solvorn, ferje til Urnes, lunsj på Ornes hjortefarm og Ornes stavkyrkje. Transport for dei som treng det. Retur til Solvorn kor bussen ventar og kaffi  på Pyramiden i Gaupne. Vi overnatta på Skjolden hotell med middag om kvelden og frukost neste dag. Tur på ettermiddag/kveld ?
03.06.15 køyrer vi vidare til Luster med besøk på steinkyrkja og vidare til bresenteret og middag på Jostedal Hotell i Sperle. På retur blir det kaffi på Hafslo/Hafslotunet.
Turkomiteen sjekkar  prisar mm til neste møte 07.04.15.

21 på møtet

Sak 5. Eventuelt
Styret tek sikte på å besøke ute laga utanom Førde. I fyste omgang er Lærdal aktuelle.

Møteplan 2015 vart utdelt.
21 på møtet.
Kristian (ref)