Styremøte 06.01.2015

 

TELEPENSJONISTLEAGET
SOGN OG FJORDANE

REFERAT

Frå styremøte, Førde hotell, tysdag 06.01.2015 kl. 0930.

Til stades: Oliv Ottesen, Harald Steiro,  Helge Ottesen,  Dagunn Klakegg, Kristian Strømmen
Sak 1.   Referat frå styremøte 04.11.14.
Godkjent utan merknader.

Sak 2.   Kort evaluering av julelunsjen og året 2014 i heilheit.

Julelunsjen 2014 var av det beste slaget,  fin musikk, god underhaldning (ros til festkomiteen)
i trivelege lokale. Litt minus for siste del av grisen som kunne trengt  litt lengre  opphald i omnen.
Elles svært bra og Dagunn gir ei tilbakemelding til hotellet.

Sak 3 Årsmøte 2014 – Forbereding.

Årsmøte 2014 blir i Førdehuset/Utstillingssalen tysdag 10 februar kl 1100. Harald har bestilt middag mm og fikk i tillegg oppgåve å bestille kake grunna lagets 25 års markering.
Invitasjon til årsmøtet er planlagt utsendt måndag 12.01.15 – brettes og lagt i konvolutt same dag hos Kristian i Langeberget 2. Vi møtes kl 1100.
Harald gikk gjennom budsjett 2015 og rekneskap 2014. Budsjett 2015 oppdaterast.
Foredrag på årsmøtet: Dagunn tek kontakt med rådmann Østenstad og ber han orienter om aktuell saker i Førde kommune – kommunesamanslåing, Førdepakken …….
Harald Runde fortel historia om Telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane.
Oliv orienterer kort om forslaget frå Organisasjonsutvalet .

Turar i 2015 – Luster ?, Bulandet ?? Birgit
Sak 4. Gjennomgang av skriv frå Forbundet.
Utreding og forslag frå Telepensjonistenes Landsforbunds  – Organisasjonsutvalget 2013-2014.
Dette er ei omfattande sak som styret skal gi tilbakemelding på innan 01.02.2015. Styret drøfte deler av forslaget, men må handsamast grundigare før vi kan gi vår tilbakemelding.
Dagunn gikk gjennom sitt forslag som ho vil sende til Telepensjonisten.

Kan vi ta dette saman med  «brettemøtet « i Langeberget 12.01.15. ??
Oliv har mottatt ei oppdatert brosjyre (meget bra !) til arbeidet med nyrekruttering av medlemar. Oliv sjekkar  om brosjyra kan bestillast sentralt.

Sak 5. Eventuelt
Styret tek sikte på å besøke ute laga utanom Førde. I fyste omgang er Lærdal aktuelle.

Møteplan 2015 vart utdelt.
21 på møtet.
Kristian (ref)