Styremøte 06.09.2016

Styremøte 06.09.2016

Møte vart halde i Sakralrommet, Førdehuset

TELEPENSJONISTLAGET SOGN OG FJORDANE                                                  

REFERAT

Frå styremøte Førdehuset/Sakralrommet   tysdag  06.09.2016 kl 1000

Til stades: Oliv Ottesen, Kjell Hjelm, Harald Steiro, Helge Ottesen og Kristian Strømmen
Sak 1.   Referat frå styremøte 05.04.2016 Oppfølgingspunkt frå dette styremøte var å sjekke  ut alternative møtelokale. Kjell hadde kontakta Førdehuset og Sakralrommet vart prøvd som møtestad denne gongen.

Frå medlemsmøte  i Movika/Sunnfjord Museum  03.05. 16 og Sommaravslutning i Hafstadparken 07.06.16 er lag ut på heimesidene våre med litt tekst og bilde.

Sak 2.   Div. skriv frå forbundet    Forbundskasserer Finn- Egil Elster har send ut nye rutine for kontroll og avstemming av medlemsregisteret . Svarfrist til forbundet  er 30 september 2016. (Harald)

Sak 3 Subsidiering av møta våre og møtestad neste gong. Saka vart diskutert både under styremøtet og seinare under medlemsmøtet. Når alle hadde sagt sitt,  vart vedtaket at vi som hovudregel brukar Førde Hotell som møtestad, men andre lokale kan nyttast  når det er meir passande. Eigenandel for servering vart sett til kr 50 pr person.  Lokalleige og evt. andre kostnadar ut over dette,  skal betalas av laget.

Sak 4 Møte- og medlemsaktiviteter framover. Saka vart drøfta både under styremøte og medlemsmøtet.  Oliv ville at alle skulle engasjere seg og komme med innspel/forslag. Ivar Svensøy – tidlegare lærar og pensjonist .  «Tilbakeblikk på Førde «   AP: Kristian Harald Runde – Bilde og landskap frå Naustdal/Sunnfjord  (viser bilder) Arne Gjerde – Nye pensjons ordningar og Kurs i førstehjelp.

Neste medlemsmøte i Sogndal ?? Styret la fram forslag om å legge neste medlemsmøte til Sogndal.  Medlemmer i Sogndal/Lærdal området vert invitert til møtet.  Transport til Sogndal i egne biler frå Førde. Styret koordinerer  vidare opplegg  og innkallar til eige møte hos Oliv snarast.

Sak 5 Eventuelt

Ingen saker. Kjell avslutta møtet med eit dikt – kanskje ein tradisjon ? Møtet slutt ca kl 1300. 21 deltakarar.

Kristian (ref)