Tur til Måløy og området rundt 04.09.2019

Tur til Måløy og området rundt 04.09.2019

TELEPENSJONISTANE I SOGN OG FJORDANE PÅ TUR TIL  MÅLØY OG VÅGSØY.

51 turglade telepensjonistar på tur til Måløy og Vågsøy 04.juni 2019. Utgangspunktet for turen var Førde, og på Skei sto det 14 spente sogningar frå Lærdal, Kaupanger og Sogndal og venta på bussen.

Turen gjekk via Sandane og Nordfjordeid til Måløy. Der kom det på 4 telepensjonistar til, så no var vi 55 stk, og bussen var stappfull, ikkje eit einaste ledig sete. Inger tok oppdraget med å guide oss utover til Refviksanden.

Stranda har fleire gonger vorte kåra til den finaste i landet. Det var litt regn og yr i lufta, og då vi nærma oss den halvannan kilometer lange sandstranda, auka vindkasta monaleg. Husa der ute var bygde med metertjukke murar i eine gavlveggen, til vern mot storm og uvér. Ganske fascinerande for oss innlandskrabbar.

Tilbake i Måløy var det Måløyraidsenteret som sto for tur. Senteret fortel om Måløyraidet, med kodenamn ”Archery”, då dei allierte angreip dei tyske styrkane i Måløy 3. juledag i 1941,  om Kompani Linge og om Shetlandsbussane. Den dramatiske historia vart levande skildra ved hjelp av lyd og lukt, filmar, foto og autentiske gjenstandar.                                                                                                  Det var mykje å ta innover seg, og svært interessant å få med seg dette kapitlet i norsk krigshistorie frå nærmiljøet –og som trass alt ikkje er så lenge sidan.

Middagen inntok vi rett over gata på Kraftstasjonen restaurant. Vi fekk servert ein framifrå velsmakande og god fiskerett som var kystbyen Måløy absolutt verdig.

Neste post på programmet var Kannesteinen. Det var litt spenning om den 15 meter lange bussen kunne køyre den smale og svingete vegen, men den dyktige bussjåføren tok utfordringa og losa oss trygt fram og tilbake gjennom vakkert kystlandskap.

Turen gjekk utover forbi Holvika og Vågsvåg, vidare forbi Torskangerpollen, det særprega, gamle fiskeveret frå 1800-talet, og fram til Oppedal med Kannesteinen. Vi hadde lokalkjende Odd Helge som sjølv bur i området, til å fortelje om hendingar både av alvor og skjemt frå denne ofte utsette kystleia.

Det er kjekt å treffa att tidlegare kollegaer og mimre litt om farne tider. Praten gjekk livleg, både under middagsseta og på bussen. Ein som bidrog til den gode stemninga var Elle frå Lærdal. Han hadde teke med trekkspelet og trykt opp allsongar, så songen gjekk lystig og spreidde godt humør blant alle.

Tusen takk til turnemnda, Oddlaug og John, for eit framifrå godt opplegg.

Så no ser vi fram til neste tur!

 

Ingunn og Bjørg

(turdeltakarar)