Musikkrommet, Førdehuset
Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.
Referat frå styremøte/medlemsmøte 03.05.2022, Musikkrommet Førdehuset
Til stades: Oliv, Kjell, Helge, Kristian
Fråvær: Bjørg
- Referat frå forrige møte
Godkjent - Kjell: Referererte frå lederkonferanse på Gardermoen 26-27 april 2022.
Viktigaste saker:
*Forventningar til landsstyret og drifta av lokalforeiningane.
*Svindel og korleis unngå å bli svindla v/Telenor og tidligare politimann
*Representantar frå lokalforeiningar i kommunestyret.
- Et nytt medlem innmeldt. Tal medlem 130
- Oliv refererte frå TPL protokoll AV 19.04.2022
Medlemsmøte
Info om turen 09.06 2022 v/Oddlaug og John.
Det er bestilt buss med ca 40 plassar totalt. Turen startar frå Førde kl 0900 og er på Skei ca kl 0945. Her tar vi med dei som er påmelde frå Sogndal ++.
Turnemnda har saman med lokale guidar sett opp eit godt og innhaldsrikt program. Med subsidiering frå laget vil turen koste kr 500 pr person. Andre som vil være med må betale full pris, eller melde seg inn i laget under turen.
Meir info om turen, påmelding og påmeldingsfrist mm vil bli sendt ut om kort tid.
VG meld deg på turen så raskt som mulig for å sikre plass !!
—————————-
Lidvin Osland – tidlegare fylkeskultursjef i Sogn og Fjordane
Lidvin Osland har hatt mange viktige stillingar innan kulturlivet i livet sitt. Han vart tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull i 2007 og i 2012 vart han tildelt heiderprisen til Norsk kulturskuleråd.
Lidvin er født i Viksdalen, men voks opp i Høyanger. Han hadde mykje å fortelje frå den tida og mange gode historier. Imponerande kor mange lands- og lokalkjende personar som kjem netttopp frå Høyanger !
Møtedeltakarar: 17
Kristian (ref)