Årsmøte 08.02.2022

Førdehuset/Musikkrommet

Telepensjonistlaget
Sogn og Fjordane.

Protokoll frå

Årsmøte i Telepensjonistlaget tirsdag 08 februar 2022 kl 1100.
Møtestad: Førdehuset/Musikkrommet.

Sak 1. Opning
Leiar for telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane,  Oliv Ottesen ønskte dei  frammøtte velkomne til årsmøtet. Corona pandemien hadde dessverre medført lite aktivitet og få medlemsmøter. Forsamlinga minte dei som var gått bort sidan siste fysiske årsmøte – 4 i 2020 og 1 i 2021 med eit minutts stillhet.
Deretter vart årsmøtet satt.

                   Sak 2. Aktuelle saker
 Ingen.

Sak 3 – Namneopprop
Det var 21 røysteføre deltakarar.

Sak 4 – Godkjenning av innkalling og sakliste
Leiar refererte saklista. Ingen merknadar.

Sak 5 – Val av møtedirigent –referent –teljekomite samt to til å underskrive møteprotokoll.
Disse vart valde: Harald Runde,  møtedirigent, Kristian, ref – Johanne Barstad og Arne Gjerde teljekom/underskrift av protokollen.

Sak 6 – Årsmelding
Oliv hadde som vanlig laga ei fyldig og god årsmelding.
Årsmeldinga vart gjennomgått punkt for punkt.
Laget har hatt 4 kombinerte styre og medlemsmøter . I tillegg har styret hatt eigne møter i samband med skriv frå forbundet, julelunsjen og årsmøte.
Grunna corona vart det ikkje arrangert medlemstur i 2021. Medlemstal ved utgangen av 2021 var 131.
Årsmelding – godkjent.

Sak 7 – Rekneskap
Kasserar, Kjell Hjelm  gjekk gjennom revidert rekneskap for 2021 og kommenterte dei enkelte postane. Av grunnar som nemnde over, har det vore lite bevegelse i økonomien. Inntektene vart på kr 62 093,00 og utgiftene på kr 56 960,00   Overskot kr 5232,00.

                          Rekneskap – godkjent.                                                                                                                                       

Sak 8 – Medlemskontingent
Ingen endring. Medlemskontingent kr 200.
Medlemskontingent – godkjent.

Sak 9 – Endring av vedtektene
Det var ikkje innkomme endringsforslag til gjeldande vedtekter.
Vedtekter – godkjent

 Sak 10 – Innkomne forslag.
Ingen forslag mottatt

Sak 11 – Budsjett
Kasserar gikk gjennom budsjettet for 2022 og kommenterte postane.
Budsjettet for 2022 syner eit underskot på kr 9612,00. Underskotet har bakgrunn
auka aktivitet i laget.

Budsjett – godkjent.

Sak 12 –Turopplegg
Diskusjon om aktuelle turar.
Mange gode forslag framkom og  tur nemnda jobbar med  saka.

Sak 13- Val
 Møtedirigent presenterte valnemnda sitt forslag.

     
Val 2022
     
Namn Ikkje på val
Leiar Oliv Selstad Ottesen På val 1 år attval
Nestleiar Helge Ottesen På val 1 år attval
Kasserar Kjell Hjelm Ikkje på val
Sekretær Kristian Strømmen På val 2 år attval
Styremedlem Bjørg Alme Johannesen På val 2 år attval
1. varamedlem Anders Aven Ikkje på val
2. varamedlem Ingunn Løvik På val 1 år attval
Revisor Gerd Osland Ikkje på val
Revisor Arne Gjerde På val 2 år attval
Vararevisor Greta Dale På val 1 år attval
Turnemnd John Grønseth På val 1 år attval
Turnemnd Oddlaug Hjelm Ny 2 år
Valnemnd Henning Bysheim Ikkje på val
Valnemnd Kjartan Krognes Ny 1 år
Valnemnd vara Aslaug Myklebust Ny 1 år

Henning Bysheim/Kjartan Krognes  innkallar valnemnda.

Valet  godkjent med akklamasjon.

SAK 14 – Avslutning
Oliv takka alle for frammøtet og for eit godt gjennomført årsmøte. Takk også til dei
som går ut av nemndene etter valet og dei nye som kom inn.
Så var det middag – kjøttkaker, dessert og kaffi – som smakte godt !

Kristian (ref)

Godkjent:

Johanne Barstad                                              Arne Gjerde