Telepensjonistlaget
Sogn og Fjordane.
Referat frå
Årsmøte i Telepensjonistlaget tysdag 09 februar 2016 kl 1100.
Møtestad: Førdehuset/Utstillingssalen.
Årsmøtet var lagt til Førdehuset, Utstillingssalen. Alle pensjonistane i fylket var invitert ved utsending av årsmøtedokument med post ihht fristar i vedtektene.
Førdehuset synest å være eit godt val både med tanke på lokale, servering og pris.
Sak 1. Opning
Leiar for telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane, Oliv Ottesen ynskte dei 24 frammøtte velkomne til årsmøtet. Forsamlinga mintes dei 5 som var gått bort frå førre årsmøte – Jenny Riise, Ivar Kjøsnes, Arne Fosse, Kjellaug Liabø og Berit Rakvaag Vi lyser fred over deira minne.
Sak 2. Aktuelle saker
Prosjektleiar Arve Seger i Førde kommune orienter om Førdepakken – Bompengeprosjektet som skal utløyse nye vegar, sykkel- og gangvegar i Førde sentrum.
Han gikk gjennom prosessen med planar og søknadar fram til godkjenning i Stortinget i juni 2015. Dette betyr at dei neste åra skal byggjast vegar i Førde for nesten 1,6 milliardar kroner. Pengane skal brukast til kring 20 tiltak som skal gjennomførast i og rundt Førde sentrum innan 2024. Førdepakken skal gje betre og tryggare trafikksituasjon i Førde sentrum, for bilistar, kollektivtransport, gåande og syklande. Forbetringane kjem både gjennomgangstrafikken og lokal trafikk til gode. Det skal byggjast 5 bomstasjonar og den første er planlagt idriftsatt oktober 2016. Med eit makstak på 30 betalte passeringar i månaden, betyr det kr 7.200 pr år for bom-passerande i lett personbil om ein har abonnement.
Oliv takka Seger med blomster for eit interessant foredrag.
Sak 3 – Navneopprop
Det var 24 røysteføre deltakarar.
Sak 4 – Godkjenning av innkalling og sakliste
Ingen merknader
Sak 5 – Val av møtedirigent –referent –teljekommite samt to til å underskrive møteprotokoll.
Disse blei valt: Kjell møtedirigent, Kristian, ref – Aslak og Erik, teljekom/underskrift.
Sak 6 – Årsmelding
Oliv hadde som vanlig laga ei fyldig og god årsmelding som synte aktivitetane i laget. Ho gjekk i gjennom årsmeldinga for 2015 punkt for punkt med kommentarar.
Info/merknadar under gjennomgangen:
– Honnørmedlemar og handsaming i forhold til kontingent og medlemsteljing.
– Ny løysing for heimesidene våre på nett frå 01.12.2015 – telepensjonistene.no
– Krav til statsbudsjettet 2017 – fokus på 4 krav.
– Halldis Hagen i Nordfjord og Signe Sva i Indre Sogn.
– Vi har 2 deltakarar i Eldrerådet i Førde kommune, Dagunn Klakegg med Haldis Strømmen som ny vara.
– 114 medlemmer i 2015 inkl honnørmedlemar. Tilgang 9 og avgang 9 (4 døde)
– Honnør og takk til alle våre som deltek i senioruniversitetet, operagruppa, kino litteraturgruppa m.fl.
– Ingen turar i 2015 grunna liten påmelding.
– Turen til Indre Sogn/Lærdal vart ikkje utført i 2015.
Årsmelding – godkjent.
Sak 7 – Rekneskap
Kasserer gikk gjennom revidert rekneskap for 2015 og kommenterte dei enkelte postane. Laget hadde i 2015 eit overskot på kr 21 223,00 grunna tilskot frå Teletrim på kr 25 000. Største inntektspostane er overføringar frå Forbundet og medlemskontingent. Størst utgiftspost er Årsmøtet/Medlemsmøter og Reiser tillitsvalte (landsmøte). Grundig og godt rekneskap som vanleg !
Under dette punktet vart det nokre meiningsutvekslingar i samband med tilskotet frå Teletrim. Fleire meinte tilskott burde vore større og kom med synspunkt på vidare handsaming.
Rekneskap – godkjent.
Sak 8 – Medlemskontingent
Medlemskontingenten for vanlege medlemmer – ingen endring kr 200.
Kontingent for honnørmedlem – sjå innkomne forslag.
Sak 9 – Innkomne forslag.
Styret i Telepensjonistforeininga i Sogn og Fjordane foreslår at
alle medlem betalar ein redusert pris på kontingent frå året dei fyller 85 år. Medlemskontingenten vert sett til kr 50.
Bakgrunn for forslaget er endring i statstilskotet til personalorganisasjonar frå 2013. Her er et krav om at støtte blir gjeve ut frå tal medlem som sjølve har betalt årleg kontingent til lokalforeininga dei er medlem av.
Forslag – godkjent
Som følgje av endring av kontingent (over) må § 3 Medlemsskap endrast til :
Alle pensjonistar frå Telenor m/dotterselskap og utskilde einingar og deira ektefeller/sambuarar og attlevande ektefeller/sambuarar kan bli medlem av laget. Frå ein alder vedtatt av årsmøtet kan medlemane bli HONNØRMEDLEM med redusert kontingent.
Sak 10 – Budsjett Sak 10 – Budsjett
Kasserar gikk gjennom budsjettet for 2016 og kommenterte postane.
Budsjettet for 2016 syner eit underskot på kr 7912.
Budsjett – godkjent.
Sak 11 –Turopplegg
Den flotte turen som var planlagt til Sogn med overnatting på Tørris hotell måtte avlysast grunna lite påmelding. Det same gjaldt dagsturen til Bulandet og Værlandet.
Turgruppa hadde nedlagt mykje arbeid med program for turen til Sogn og inngått avtalar på stadane vi skulle besøke. Når turen så måtte avlysast er det forståelig at det vert ein viss frustrasjon og dalande motivasjon for vidare arbeid med slike turar.
Diskusjon under dette punktet: Satse på dags turar, legge medlemsmøter på stadar rundt Førde ref. Håjen, teatertur til Bergen, turar saman med andre (Førde) pensjonistlag ……….
Sak 12- Val
Møtedirigent presenterte valnemnda sitt forslag.
Leiar Oliv Selstad Ottesen ( attval for 1 år)
Nestleiar Kjell Hjelm ( val for 2 år)
Styremedlem Dagunn Klakegg (attval for 2 år)
Kasserar Harald Steiro (ikkje på val- 1 år til)
Sekretær Kristian Strømmen (Ikkje på val- 1 år til)
1 varamedlem: Helge Ottesen (val for 1 år)
2 varamedlem: Målfrid Haveland (attval for 1 år)
Revisor: Gerd Osland (attval for2 år)
Greta Dale (ikkje på val- 1 år til)
Vararevisor: Oddlaug Åsen (attval for 1 år)
Turnemnd: Bjørg Vie (ikkje på val – 1 år til)
Rolf Solheim(ny) (val for 2 år)
Valnemnd: Aslak Hafstad (ikkje på val – 1 år til)
Johanna Barstad (ny) (val for 2 år)
Oddlaug Hjelm (ny) (val for 2 år) (
Aslak Hafstad innkallar valnemnda.
Valet godkjent med aklamasjon.
Birgit Iversen gikk ut av turnemnda og fikk overrekt blomster av Oliv for innsatsen !
SAK 13 – Avslutning
Oliv takka for frammøtet og eit godt gjennomført årsmøte.
Stor takk til henne også for alt føre arbeidet og god avvikling av møte !
Så var det middag – kjøttkaker, dessert og kafe – som smakte godt !
Kristian (ref)
Godkjent: