Førdehuset/Utstillingssalen
Telepensjonistlaget
Sogn og Fjordane.
Protokoll frå
Årsmøte i Telepensjonistlaget torsdag 12 februar 2019 kl 1100.
Møtestad: Førdehuset/Utstillingssalen.
Sak 1. Opning
Leiar for telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane, Oliv Ottesen ønskte dei frammøtte velkomne til årsmøtet. Ho ønska spesielt tilreisande, nye medlem og Tore Andli, forbundsleder, velkommen.
Forsamlinga mintes dei 4 som var gått bort frå sist årsmøte – Kari Lidal Loftesnes, Turid Fosse, Helene Øygard og Aud Karin Ytri – med eit minutts stillhet.
Sak 2. Aktuelle saker v/Tore Andli
Tore vart valt til formann for Telepensjonistenes Landsforbund i 2017.
I si orientering var han innom økonomien og tilskot frå Telenor som for 2019 blir
redusert til 1,0 mill mot 1,5 tidlegare.
Telepensjonistane som sponsorar for Telenor ?
Telenors Pensjonskasse som gir lågare utbetaling enn Statens Pensjonskasse
Lag som vert nedlagde og tilknyting til andre lokale lag.
Landsmøte 2019 7-8 mai på Gardermoen
Takk til Tore og gåve overrekt frå Oliv.
. Sak 3 – Navneopprop
Det var 34 røysteføre deltakarar.
Sak 4 – Godkjenning av innkalling og sakliste
Leiar refererte saklista. Ingen merknadar.
Sak 5 – Val av møtedirigent –referent –teljekommite samt to til å underskrive møteprotokoll.
Disse blei valt: Harald Runde møtedirigent, Kristian, ref – Aslak Hafstad og Arne Gjerde teljekom/underskrift av protokollen.
Sak 6 – Årsmelding
Oliv hadde som vanlig laga ei fyldig og god årsmelding som synte aktivitetane i laget. Årsmeldinga vart gjennomgått punkt for punkt.
Laget har hatt 8 styre og medlemsmøter . I tillegg har styret hatt eigne møter i samband
med skriv frå forbundet, julelunsjen og årsmøte.
Foredrag på nokre av medlemsmøta og tur til Bulandet/Værlandet.
Medlemstal ved utgang 2018 var 131.
Årsmelding – godkjent.
Sak 7 – Rekneskap
Kasserar, Kjell Hjelm gikk gjennom revidert rekneskap for 2018 og kommenterte dei enkelte postane. Laget hadde i 2018 eit underskot på kr 2553.00. Største inntektspostane er overføringar frå Forbundet og medlemskontingent. Størst utgiftspost er årsmøtet, medlemsmøter og julelunsjen. Laget har god økonomi og godt grunnlag for auka aktivitet.
Rekneskap – godkjent.
Sak 8 – Medlemskontingent
Ingen endring. Medlemskontingent kr 200.
Medlemskontingent – godkjent.
Sak 9 – Endring av vedtektene
Det var ikkje innkomme endringsforslag til gjeldande vedtekter.
Vedtekter – godkjent
Sak 10 – Innkomne forslag.
Ingen forslag mottatt
Sak 11 – Budsjett
Kasserar gikk gjennom budsjettet for 2019 og kommenterte postane.
Budsjettet for 2019 syner eit underskot på kr 8865,00. Underskotet har bakgrunn i auka aktivitetar og landsmøte 2019.
Budsjett – godkjent.
Sak 12 –Turopplegg
Diskusjon om aktuelle turar.
Tur til Nordfjord synes mest aktuell, men turnemnda jobbar med saka.
Sak 13- Val
Møtedirigent presenterte valnemnda sitt forslag.
Val 2019
Verv Navn Ikke på val Forslag fra valnemnda
Leiar Oliv Selstad Ottesen 1 År
Nestleiar Helge Ottesen 1 År
Kasserer Kjell Hjelm 1 År
Sekretær Kristian Strømmen 2 År
Styremedlem Bjørg Alme Johannesen 2 År
1 varamedlem Anders Aven 1 År
2 varamedlem Målfrid Haveland 1 År
Revisor Gerd Osland 1 År
Revisor Arne Gjerde 2 År
Vararevisor Greta Dale 1 År
Turnemnd John Grønseth 2 År
Turnemnd Oddlaug Hjelm 1 år
Valnemnd Johanna Barstad 1 År
Valnemnd Oda Steiro 1 År
Valnemnd Rolf Solheim 2 År
Johanna Barstad innkaller valnemnda.
Valet godkjent med akklamasjon.
SAK 14 – Avslutning
Oliv takka alle for frammøtet og for eit godt gjennomført årsmøte.
Så var det middag – kjøttkaker, dessert og kafe – som smakte godt !
Kristian (ref)
Godkjent:
Arne Gjerde Aslak Hafstad