Protokoll frå årsmøtet 11 februar 2020 Førdehuset/Utstillingssalen
Telepensjonistlaget
Sogn og Fjordane.
Protokoll frå
Årsmøte i Telepensjonistlaget tirsdag 11 februar 2020 kl 1100.
Møtestad: Førdehuset/Utstillingssalen.
Sak 1. Opning
Leiar for telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane, Oliv Ottesen ønskte dei frammøtte velkomne til årsmøtet. Ho ønskte spesielt tilreisande og nye medlemmar velkomne. Forsamlinga mintes dei 4 som var gått bort i 2019 – Kari Fimland, Arne Ottar Hiller, Solveig Vevling Dale og Nils Slinde.
Sak 2. Aktuelle saker v/Bjørn Vollstad
Bjørn heldt eit engasjerande foredrag om tema «Leverandør av opplevingar» –
interessant, morosamt og til ettertanke.
Deretter vart årsmøtet satt
Sak 3 – Namneopprop
Det var 44 røysteføre deltakarar.
Sak 4 – Godkjenning av innkalling og sakliste
Leiar refererte saklista. Ingen merknadar.
Sak 5 – Val av møtedirigent –referent –teljekomite samt to til å underskrive møteprotokoll.
Disse vart valde: Ingunn Løvik, møtedirigent, Kristian, ref – Aslak Hafstad og Arne Gjerde teljekom/underskrift av protokollen.
Sak 6 – Årsmelding
Oliv hadde som vanlig laga ei fyldig og god årsmelding som synte aktivitetane i laget. Årsmeldinga vart gjennomgått punkt for punkt.
Laget har hatt 7 styre og medlemsmøter . I tillegg har styret hatt eigne møter i samband
med skriv frå forbundet, julelunsjen og årsmøte.
Foredrag på nokre av medlemsmøta og tur til Måløy området
Medlemstal ved utgangen av 2019 var 137..
Årsmelding – godkjent.
Sak 7 – Rekneskap
Kasserar, Kjell Hjelm gikk gjennom revidert rekneskap for 2019 og kommenterte dei enkelte postane. Laget hadde eit underskot i 2019 på kr 16216, mot kr 8865 som var budsjettert, dvs eit avvik på kr 7351. Avviket gjeld i hovudsak postane møter og andre arrangement, inkludert sponsing av julelunsj. Økonomien i laget er bra.
Rekneskap – godkjent.
Sak 8 – Medlemskontingent
Ingen endring. Medlemskontingent kr 200.
Medlemskontingent – godkjent.
Sak 9 – Endring av vedtektene
Det var ikkje innkomme endringsforslag til gjeldande vedtekter.
Kristian refererte endring ved Oppløsning pgf.10 (Rammevedtekter vedtatt på landsmøte 2019)
Vedtekter – godkjent
Sak 10 – Innkomne forslag.
Ingen forslag mottatt
Sak 11 – Budsjett
Kasserar gikk gjennom budsjettet for 2020 og kommenterte postane.
Budsjettet for 2020 syner eit underskot på kr 5000,00. Underskotet har bakgrunn redusert
tilskot frå Telenor (kr 750 000) og tilsvarande reduksjon/auke i overføringane frå/til TPL.
Budsjett – godkjent.
Sak 12 –Turopplegg
Diskusjon om aktuelle turar.
Tur til Balestrand/Høyanger kan være aktuell, men turnemnda jobbar med saka.
Sak 13- Val
Møtedirigent presenterte valnemnda sitt forslag.
Val 2019
Verv Namn Ikkje på val Forslag frå valnemnda
Leiar Oliv Selstad Ottesen 1 År attval
Nestleiar Helge Ottesen 1 År «
Kasserer Kjell Hjelm 2 År «
Sekretær Kristian Strømmen Ikkje på val 1 År
Styremedlem Bjørg Alme Johannesen « 1 År
1 varamedlem Anders Aven 2 År attval
2 varamedlem Ingunn Løvik 1 År ny
Revisor Gerd Osland 2 År attval
Revisor Arne Gjerde Ikkje på val 1 År
Vararevisor Greta Dale 1 År attval
Turnemnd John Grønseth Ikkje på val År
Turnemnd Solveig G.Opset 1 år ny
Valnemnd Rolf Solheim Ikkje på val 1 År
Valnemnd Henning Bysheim 2 År ny
Valnemnd Oddlaug Hjelm 1 År
Rolf Solheim innkallar valnemnda.
Valet godkjent med akklamasjon.
SAK 14 – Avslutning
Oliv takka alle for frammøtet og for eit godt gjennomført årsmøte. Takk også til dei
som går ut av nemndene etter valet.
Så var det middag – kjøttkaker, dessert og kaffi – som smakte godt !
Kristian (ref)
Godkjent:
Arne Gjerde Aslak Hafstad