Årsmøte 2021

Informasjon om korleis vi vil behandle årsmøtesakene.

Årsmøte 2021

Informasjon om korleis vi vil behandle årsmøtesakene.

Til alle medlemar av Telepensjonistlaget Sogn og Fjordane

Årsmøtet 2021 kan ikkje gjennomførast på vanlig måte

På grunn av koronapandemien kan vi dessverre ikkje møtes fysisk til årsmøte. Her er informasjon om korleis vi likevel vil behandle årsmøtesakene.

Smittesituasjonen gjør at vi må legge opp til en alternativ behandling av de sakene som normalt vert behandla og vedtakast på årsmøtet.

Dette er:   • godkjenning av:

  • Styrets årsmelding
  • revidert regnskap
  • fastsetting av medlemskontingent
  • budsjett
  • val til styret og andre verv
  • innkomne forslag

For at eventuelle innkomne forslag skal kunne behandlas av styret før årsmøtet, må dei være styret i hende senast måndag 01.februar 2021. Forslag som kjem inn etter denne dato vil ikkje bli behandla. Vidare behandling vil bli som føljande.

Onsdag 27.01.21 vil sende ut sakliste, vedlagt dei dokument og forslag som skal behandlast. Dokumenta vil bli sendt med e-post. Til dei som ikkje har registrert epostadresse i medlemsregisteret, vil dokumenta bli sendt i posten. I brevet vert det sett en frist for tilbakemelding til styret om du har merknadar eller innvending til dei dokument som er sende ut. Dersom det ikkje kjem innvendingar innan denne fristen, ser styrets/valgkomiteen si innstilling som vedtatt. Styret vil behandle eventuelle innvendingar og bestemme korleis disse skal handteras. Er det vesentlige innvendingar, kan styret velje å sende en epost/brev/SMS til medlemane og be om tilbakemelding innan en kort frist. Når denne prosessen er gjennomført, vil det bli laga en årsmøteprotokoll som for kvart punkt i saklista angjer i kva grad det er komme kommentar/innvendingar og kva som eventuelt er gjort av endringar i forhold til det som ble sendt ut første gang. Denne protokollen erstattar referatet frå årsmøte.

Vi oppmodar alle som har epostadresse, men ikkje har fått denne registrert i medlemsregisteret om å gi styret melding om epostadressa så snart som mulig. Dette gjør at vi kan spare portokostnader, og du får dokumenta raskare. Vi håper sterkt at vi om ikkje alt for lenge kan møtes igjen på en trygg måte!

Helsing frå Styret