Protokoll med andre saksdokumenter som er sendt Landsstyret fredag 12 februar 2021.
Telepensjonistlaget
Sogn og Fjordane.
Protokoll frå
Årsmøte i Telepensjonistlaget onsdag 10 februar 2021.
Møtestad: Utan fysisk møte.
Grunna korona pandemien kunne ikkje årsmøtet avviklast som fysisk møte.
Årsmøtet vart derfor behandla etter dei sentrale retningslinjene.
Melding som vart sendt medlemmene på e-post/SMS 13.01.2021.
Kjære telepensjonistmedlem.
På grunn av koronapandemien kan vi ikkje møtast til fysisk årsmøte i 2021.
Dei sakene som normalt vert behandla og vedtatt på eit årsmøte, må i år behandlast skriftleg via e-post, mail eller brev.
Dette gjeld Styrets årsmelding, revidert rekneskap, fastsetting av medlemskontingent, budsjett, val til styret og andre verv og innkomne forslag.
Eventuelle forslag må være styret i hende innan 01.02.2021. Kan sendast Kristian Strømmen –kelstroe@online.no
Onsdag 27.01.2021 vil vi sende ut sakliste vedlagt dei dokument og forslag som skal behandlast. Dokumenta vil bli sendt med e-post, mail eller brev.
Ved å klikke på lenka under, kjem de rett inn på ein meir fullstendig informasjon om avvikling av årsmøtet 2021:
https://telepensjonistene.no/avdelinger/sogn-og-fjordane/
Frist for tilbakemelding frå medlemane på utsendte saksdokument er: 10 februar 2021.
Helsing styret
Sakliste med tilhøyrande saksdokument som vart utsendt:
- Styrets årsmelding
- revidert regnskap
- fastsetting av medlemskontingent
- budsjett
- val til styre og andre verv
- innkomne forslag
Vi mottok ingen merknadar til utsendte saksdokumenter innen fristen 10.02.2021 og styret ser dermed forslaga som vedteke.
Forslag val for 2021
Verv, valnemnda | Navn | Ikkje på val | Forslag |
Leiar | Oliv Selstad Ottesen | 1 år attval | |
Nestleiar | Helge Ottesen | 1 år attval | |
Kasserar | Kjell Hjelm | 2 år attval | |
Sekretær | Kristian Strømmen | ikkje på val | |
Styremedlem | Bjørg Alme Johannesen | ikkje på val | |
1. varamedlem | Anders Aven | 2 år attval | |
2. varamedlem | Ingunn Løvik | 1 år attval | |
Revisor | Gerd Osland | 2 år attval | |
Revisor | Arne Gjerde | ikkje på val | |
Vararevisor | Greta Dale | 1 år attval | |
Turnemnd | John Grønseth | ikkje på val | |
Turnemnd | Solveig G. Opset | 1 år attval | |
Valnemnd | Rolf Solheim | ikkje på val | |
Valnemnd | Henning Bysheim | 2 år attval | |
Valnemnd | Oddlaug Hjelm | ikkje på val | |
Rolf Solheim innkallar valnemnda. |
For styret 11.02.2021
Kristian Strømmen (sek)