Utstillingshallen/Førdehuset
Telepensjonistlaget
Sogn og Fjordane.
Protokoll frå
Årsmøte i Telepensjonistlaget tirsdag 07 februar 2023 kl 1200.
Møtestad: Førdehuset/Utstillingssalen.
Opning
Grunna leiar Oliv Ottesen sitt fråvær, var det nestleiar Helge Ottesen som ønskte dei 23 frammøtte velkomen til årsmøte.
Forsamlinga minte deretter Alf Romarheim som hadde gått bort i 2022 med eit minutts stillheit.
Deretter vart årsmøtet satt.
Sak 1. Aktuelle saker
Ingen.
Sak 2. Namneopprop
Det var 23 røysteføre deltakarar.
Sak 3. Godkjenning av innkalling og sakliste
Sakliste og innkalling til årsmøte vart godkjent.
Sak 4. Val av møtedirigent –referent –teljekomite samt to til å underskrive møteprotokoll.
Disse vart valde: Harald Runde, møtedirigent, Kristian, ref – Aslak Hafstad og Arne Gjerde teljekom/underskrift av protokollen.
Sak 5. Årsmelding
Årsmeldinga vart lese opp av Kristian.. Merknad: Eldrerådet I tidlegare Førde kommune stod som arrangør av den internasjonale eldredagen 01.10.2022.
Årsmeldinga vart deretter godkjent.
Sak 6. Rekneskap 2022
Kasserar, Kjell Hjelm gjekk gjennom revidert rekneskap for 2022 og kommenterte dei enkelte postane.
Rekneskap godkjent
Sak 7. Medlemskontingent
Ingen endring. Medlemskontingent kr 200.
Medlemskontingent – godkjent.
Sak 8. Endring av vedtektene
Det var ikkje innkomme endringsforslag til gjeldande vedtekter.
Vedtekter – godkjent
Sak 9. Innkomne forslag.
Ingen forslag mottatt
Sak 10. Budsjett
Kasserar Kjell Hjelm gjekk gjennom budsjettet for 2023 og kommenterte postane. Grunne lite forbruk
i corona perioden, forslo kasserer å auke tilskotet til turar og arrangement slik at underskotet vert auka frå kr 4000 til kr 10000.
Dette vart godkjent og Kjell lagar nytt budsjett basert på det.
Budsjett – ingen merknadar.
Sak 11. Turopplegg
Diskusjon om aktuelle turar.
Mange gode forslag framkom og tur nemnda vil jobbar vidare med saka.
Sak 12. Val
Det hadde ikkje lukkast valnemnda å finne nye kandidatar til leiar og nestleiar for laget. Det vil derfor bli innkalla til
Ekstraordinært årsmøte slik det står i vedtektene. Valnemnda for 2022 jobbar vidare med å finne kandidatar.
«Ekstraordinært årsmøte blir innkalla med 14 dagars varsel, når styret finn det nødvendig eller når minst 1/3 av medlemane skriftleg krev det.
Berre dei sakene som er årsak til innkallinga kan handsamast på ekstraordinært årsmøte.»
Det vert innkalla til møte tysdag 7 mars kl 1200 i Førdehuset/Musikkrommet
Helga Kjøsnes overtar rolla som Målfrid Haveland har hatt med blomsterhelsing/gåver til årsjubilantar og bårebukett når nokon av våre medlem går bort.
Avslutning
Målfrid Haveland og Oliv Ottesen fekk blomster med stor takk for framifrå innsats gjennom mange år !
Helge fekk blomster til Oliv med ønskje om god betring !
Kristian (ref)
Godkjent:
Aslak Hafstad Arne Gjerde