Dagstur til Stranda og Rekkedal.

Hjemmeside Turistbussen Ålesund.

 

DAGSTUR TIL STRANDA OG REKKEDAL 11. MAI 2023.

 

Avreise frå Rutebilstasjonen i Ålesund kl. 0830 og Moa kl. 0900.

I Sykkylven stoppar vi hjå «Skrotnissen». Her finn vi mange raritetar og antikvitetar. Deretter går turen vidare til Stranda. Her får vi guidet omvising på museet «Stranda industriens historie» Dette er ei utstilling som viser korleis driftige menneske skapte industri og handverk og gjorde vesle Stranda til ei blømande industrikommune frå 1884 og til vår tid.

Etter besøket i Stranda køyrer vi vidare til Hellesylt, Norangsdalen , Sæbø og til Rekkedal Gjestehus.

Her vert vi ønskt velkomen med hylleblomstsaft og får omvising og orientering om garden. Vi går til bords i kulturhistorisk miljø med fokus på god mat, god drikke, kultur og dramatisk natur. Vi ruslar rundt og nyt roa og naturen.

Rekkedal gjestegard er ein gamal slektsgard med historiske bygningar. Vertskapet er 19. generasjon på garden som har historie tilbake til folkevandringstida (år 700 e. Kr.) Alle bygningane er totalrenoverte og dannar eit nydeleg tun rundt hagen.

Vi får servert nydeleg lammegryte, ris, salat og brød samt rikeleg med ferdigpressa eplemost frå Hjørungfjord fruktpresseri.

Måltidet vert avslutta med heimelaga gulrotkake med kaffi eller te.

Retur går frå Rekkedalen til Ørsta-Festøy-Solevåg- Moa-Ålesund.

 

Påmeldingsfrist: Fredag 21. april

Pris for medlem:   kr 950,-                                  Ikkje medlem:   kr. 1140,-

Betaling av tur = bindande påmelding

Betaling  til konto:                       3900.34.75895

Merk betalinga med Rekkedal og namn på deltakar.

 

Alle påmeldte tek kontakt med Anne Grete eller Gunnveig for å avklare kvar dei vil stige på bussen.

Anne Grete Honningsvåg:      tlf. 915 27 852

Gunnveig Sollid Skilbrei:        tlf. 900 61 789

Helsing styre i TP Ålesund