Hentet fra Sunnmørsposten 14.6.2020. Link til siden.
(for abonnenter av Sunnmørsposten på nett)
Går mot freding av Vigra kringkastar.
Riksantikvaren slår fast at Vigra kringkastar har fredingsverdi, og fylkeskommunen kan starte prosessen med å få det historiske anlegget freda for framtida.
Har kjempa lenge: Jon Hildre i Vigra kringkastar venneforeining vil bevare sendarbygget som museum og nytt senter for ytringsfridom og demokrati. |
Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har bede Riksantikvaren om ei nyvurdering av den kulturhistoriske verdien av kringkastaren, med spørsmål om mogeleg freding.
– Svaret vi no har fått frå Riksantikvaren gjev klarsignal om at Vigra kringkastar er fredingsverdig, og at vi kan starte fredingsprosessen. Vi vil gå i gang og forberede freding, i dialog med mellom anna ordføraren i Giske, seier Bjørn Ringstad, fylkeskonservator i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Klima- og miljødepartementet har gjeve frist for formell melding om oppstart av ein slik prosess til 1. september i år, seier han.
|
Fakta om Vigra kringkastar:
|
Har venta i 25 år
For Jon Hildre og dei andre i Vigra kringkastar venneforeining er dette ei avgjerd dei har venta på lenge:
– Vi har jobba for freding sidan 1995, og trudde fredinga ville kome på plass i 2015. Sendaren har ei sentral rolle i norsk radiokommunikasjon si historie, og sendarbygget var det kong Haakon som opna i 1948, fortel Hildre.
– No er draumen vår å bygge opp eit senter for ytringsfridom og demokrati, for det er det kringkastaren har vore brukt til. Vi vil fortelje kva radiokommunikasjon har betydd for samfunnsutviklinga, og trekke linjene frå pionertida og den spede starten i Møre og Romsdal i 1919, og fram til mobiltelefonen i dag, seier han.
Eit slikt senter og museum trur han kan vere på plass allereie neste sommar.
Att og fram
Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i 2018 ei mellombels freding av Vigra kringkastar, ved å vise til betydinga anlegget har for nasjonal kringkastings – og telehistorie, krigshistorie og oppbygging av det moderne Norge som sjøfarts – og fiskerinasjon.
– Vi vil ha dialog med Riksantikvaren i den vidare prosessen. Sjølve fredingsdokumentet og melding om oppstart er det vi i Møre og Romsdal fylkeskommune som må køyre, men det endelege fredingsvedtaket, sluttproduktet, må fattast av Riksantikvaren, fortel fylkeskonservator Ringstad.
Riksantikvaren skriv i si utgreiing at vedtaket til Møre og Romsdal fylkeskommune om mellombels freding er meir omfattande enn verneplanen og det tidlegare fredingsvarselet til Riksantikvaren.
Samstundes har det gått nær 25 år og nye perspektiv på mellom anna krigstida har kome til. Omfanget av fredinga vil difor måtte greiast ut i fredingsprosessen før ein fattar endeleg vedtak. Riksantikvaren legg til grunn at Møre og Romsdal fylkeskommune vil handsame saka i det vidare, står det i konklusjonen.
Sunnmørsposten 14.6.2020.
Flere tema om Vigra Kringkaster: Link til side.
(for abonnenter av Sunnmørsposten på nett)