Ein stor flokk feststemde telepensjonistar, ja 75 i talet, samla seg Scandic Bergen City Hotel til julebord,
som starta med gløgg og drøs i restauranten og der vart det mange glade gjensyn og gode klemmar.
Bordsete var oppe i «storsalen» i Gamle folkets hus der Tore Haugland fyrst gav naudsynt info før Ulf Rathe kunne ynskja oss velkomne.
Teletonen Seniorkor med dirigent Carsten Dyngeland stilte tradisjonen tru opp og ga oss ein fin og frisk bukett med julesongar.
Folk kunne deretter ta før seg frå koldtbord og av tradisjonelle julerettar. Det var nok av godt, varmt pinnekjøt med alt tilbehør, svineribbe, medisterkaker og pølser. Det var fint å oppleva at personalet følgde godt opp med å setja fram meir mat der det trongs og rydda borda slik at vi det vart triveleg for gjestane. Bordet med dessert og kaker var rikt og fint, og sjølv om folk alt hadde forsynt seg godt, let dei fleste seg freista til å nyta desserten.
På vegner av oss alle, tok Eva Wehn oppgåva med å takk for maten, og det gjorde ho på ein galant måte.
Erling Johannesen stod for underhaldninga etter maten. Han spelte gitar, song og fletta det heile saman med forteljingar og skrøner. Ein god av songane var hans eigne og mange var bergenssongar. Underhaldinga var bra, men noko mollstemt.
Reaksjonane frå gjestane tydde på at folk hadde hatt ei triveleg og god oppleving.
Takk til tilskipingsnemnda v/ Jorunn Kristine Bø Scheie og Karin Rosmo som organiserte dette for oss. Godt gjort.
(pga lyssettingen i salen, ble alle bilder dessverre rødfarget)