Julemøte for Norheimsund 2023.

Julemøte for Norheimsund 2023.

Det var duka for julemøte, og 5.desember tok me turen til Ålvik.

Me hadde eigen buss med sjåfør, så totalt var me 20 stk; sjåfør inkludert.

Folkets Hus i Ålvik vart me ynskt velkomen av Heidi som driv kafé og catering. Ho fortalte om lokalet som var heilt nyoppussa, og informerte om menyen.

Borda var nydeleg pynta og me fekk koldtbord med pinnekjøtt og ribbe med tilbehør. Til dessert var det riskrem og julekaker.

Undervegs vart det nokre taler der me av Agnes fekk høyra gamle historier frå Televerket. Dette fekk både latter, gamle minner og tanker i gang. Brit las vitser og me fekk le enno meir.

Ingrid som er vakse opp i Ålvik fortalte litt om Ålvik sin historie og oppmuntra alle til å ein gong ta ei vandring og sjå staden der det meste er planlagt og teikna av arkitekter. Bygda som er så mykje meir enn dei gråe bygga ein ser når ein suser forbi.Det er og eit industriarbeidermuseum i bygda som er verdt eit besøk.

Mette av mykje god mat og trøtte etter langeog mange samtalar med mykje latter let me oss føra utover langs fjorden att; vel nøgde etter ei flott stund i industribygda Ålvik.

 

Julehelsing

Ingrid Bjørke Nisamjan