Medlemsmøte 01.10.2019

Møtestad: Viken Vevstove, Skei Jølster

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.


Medlemsmøte 01.10.2019 på Viken Vevstove, Skei

 

Til stades frå styret: Oliv, Kjell, Helge og Bjørg
Fråvær: Kristian

Sak 1. Medlemsmøte
Møtet var lagt til Viken Vevstove på Skei og skulle være felles møte for Sogningar og

Sunnfjordingar ): medlemmer som kom frå Førde. Transporten til Skei vart gjort med privatbilar. .Frammøte vart dessverre dårligare enn forventa og skuldast trulig dårlig vær og snø i Sogndalsdalen. Det var bestilt mat til ca 25 personar og når berre 15 kom, vart det nok ingen som reiste heim svoltne ! God og mykje mat vart det i alle fall.

 

Ei av sakene som vart drøfte var felles julebord på Skei hotell.
Det var ikkje stor stemning for dette forslaget og julelunsjane i 2019 vert derfor som tidlegare – lokalt og kvar for seg.

 

Jonas Torsheim heldt interessant foredrag om Th. Kittelsen.

 

Det vart ikkje skrev referat frå møtet.

 

 

Ref Kristian etter info frå Helge