Medlemsmøte 02.05.2023

Medlemsmøte 02.05.2023

Musikkrommet/Førdehuset Referatet inneholder mal for framtidsfullmakt

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.

 Referat frå styremøte/medlemsmøte  02.05.2023 Musikkrommet Førdehuset

Til stades:  John, Kjartan, Kjell,   Kristian

  1. Nytt frå styret.
    John og Kjartan var våre utsendingar til landsmøtet 25 og 26 april 2023 på Gardermoen.

John orienterte frå møtet. Møte var bekymra for økonomien i forbundet og viste til at det var budsjettert med eit underskot på 360 tusen i år og 250 tusen neste år. Bidraget  frå Telenor for 2023 går ned med kr 100 tusen og blir i år på  til 650 tusen, samtidig som tilskot framover var usikkert. Ny handlingsplan var vedteke og han fortalte også om forslag frå Kristiansand om  å legge ned papirutgåva av bladet Telepensjonisten som eit sparetiltak. Det er endå 460 medlemmer som ikkje er på nett og det ble vedteke at et prosjekt skal arbeide videre med saka. Inn till vidare kjem bladet som før.
Tore Haugland vart gjenvalt som leiar og Anne Sørlie Johansen frå Fornebu foreininga vart ny nestleiar, ny sekretær vart Harriet Karlsen frå Harstad. Honoraret til deltakarane i landsstyret vart redusert med om lag 10 %.. Verve premie ble utdelt til dei som hadde verva flest nye medlem.

 

  1. Framtidsfullmakt
    Kristian orienterte om korleis ein går fram for å lage ei framtidsfullmakt og krav til utforming. Om ynskjeleg kan dette gjentakast på seinare møte andre stadar stada.

Link til skjema framtidsfulllmakt til utfylling: :https://www.statsforvalteren.no/contentassets/e80a8f668c574fc9bd49a5895063afaf/fremtidsfullmakt-manuell-utfylling-1.docx

  1. Tur til Balestrand
    Helge orienterte om turen som går med buss frå Utstillingsplassen ved Førdehuset, torsdag 8 juni kl 0900. Bussen har plass til 50 deltakarar. Bussen køyrer om

Høyanger og vi får litt info om det vi ser undervegs, bl.a vil . Oliv vil fortelje litt om Høyangers store artist Tell Teigen. Kanskje vil også får sjå geitene på Kvist ??
Vi kjem til Balestrand kl 1100 og møter Eli-Grete frå  Ciderhuset. Vi har med bussen og den vil køyre oss dit vi skal bla til Kvikne Hotell og Høyviksalen. PÅ vegen tilbake køyrer vi via Gaularfjellet og stoppar på utsikten. Vi stoppar også på  Rørvikfjelle Fjellstove og dei som vil kan få kjøpt kafe/kake til kr 40,00.
Det må være med minst 30 deltakarar i bussen frå Førde om turen skal bli noko av.
Turen vert sponsa av laget med inntil kr 15 000.
Medlemsbetaling frå Førde kr 500 og frå Sogn kr 400.

Tilbake i Førde kl 1830 -1900.
Meir info om turen, påmelding mm vert sendt ut seinare via StyreWeb.

PS:  Det vert ein lang tur. Ta med litt mat og drikke i sekken !!!

  1. Ymse
    Harald hadde laga klubbe til John og fortalde korleis den hadde vorte til.
    Fin gåve og godt verktøy på møta !!Deltakartal: 27

Kristian (ref)