Førde Gjestehus og Camping
Telepensjonistane Sogn og Fjordane
Medlemsmøte 06.03.2018 på Førde Gjestehus og Camping.
Det vart ikkje styremøte denne dagen.
Dette var Helge sin store dag – 80 årsdagen og han hadde invitert alle frammøtte til bursdagsfeiring med foredrag kaffe og kaker mm.
Arne Aasland frå Førde Historielag fortalde om elektrifiseringa av Førde og overgangen til elektrisk strøm.
Tilgang til elektrisk strøm tar vi som ei sjølvfølgje i våre dagar, men slik har det ikkje alltid vore.
Arne hadde store kunnskapar på område som han delte med oss. I byrjinga vart det private kraftverk som vart bygde ut.. Han fortalde om korleis demningar vart laga, kor høge dei var, turbinar og kraftproduksjonen. I oppstarten var strøm produksjonen liten og sterkt avhengig av tilsiget av vatn. Det kan som kjent variere mykje frå årstid til årstid. Om vinteren var ofte tilsiget minimalt når behovet var størst.
På denne tida var det elektrisk lys som var det viktigaste.
Dei små private kraftverka var helst til eige behov og første når dei store, Sunnfjord Energi og andre begynte å bygge ut kraftstasjonar og linjenett vart dette ein ressurs for alle.
Til slutt fortalde han litt om lovveket og reglane om servering til dei lokale etter at Sunnfjord Hotell fikk servere alkohol til gjestane sine. Ogso her har mykje endra seg med tida !
Etterpå diskusjon og kommentarar til innlegget.
Vår eigen historieforteljar Harald Runde, hadde også god oversikt på området og kunne supplerte/- korrigerte årstal og anna som framkom under foredraget til Arne.
Målfrid Haveland helsa jubilanten og overrekte gåve frå medlemmene i laget.
Kristian leste opp «Helsing til den Tilårskomne» frå Ole i Stongfjorden.
Stor applaus og Helge var svært nøgd med det som kom fram her.
Takk til Helge og Oliv frå dei 28 frammøtte for eit fint bursdagsmøte som vart avslutta med kaffe og mange gode kaker !
Kristian (ref)