Medlemsmøte tirsdag 05.09.2023

Gåve frå Erling Stensaker til Møløyraidmusset. Modell av båten MK Bergholm. Sjå artikkel i Telepensjonisten nr 2/23.

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.

 Referat frå medlemsmøte  05.09.2023,  Utstillingssalen Førdehuset

Til stades:  John, Kjartan, Kjell, Kristian

Sak 1: Åpning
Den nye formannen ønska alle hjarteleg velkomne til medlemsmøte. Dette var første møte etter ferien og med det nye styret.
Tema var ønske om engasjement, møteinnhald, foredrag og rom for meiningar om mangt. Fleire av medlemane hadde fylt ut skjema for framtidsfullmakt – BRA !

Sak 2: Eldre møtet
Fleire av medlemene hadde delteke på Førde Pensjonistlag sin inviterte til møte med lokale politikarar om eldreomsorga i Sunnfjord kommune.
Alle partia ville prioritere ny sjukeheim som truleg står klar i 2030 ??

Sak 3: Hjelpemidlar – høyreapparat mm
Korleis kan vi fysisk gjere møta betre for alle ? Det er vanleg at høyrsel vert svekka når en vert eldre og det vert vanskelegare å oppfatte alt
som vert sagt på møter ol. Her finnes gode løysingar. Ta kontakt med fastlegen din å få utført ein høyrselstest. Tilpassing av høyreapparat utførast av audiograf på
sjukehuset. Det er gode trygdeordningar og du betalar kunn eigenandel.
Sunnfjord kommune har tilsett en lege som kan hjelpe folk med høyrevanskar. Ta kontakt med Skanke på tfn 97053166.

Sak4: Turprogram 2024
God diskusjon og mange forslag- Kalvåg og mange fleire….. Turnemnda jobbar vidare med saka.

Sak 5: Medlemsmøte tysdag 03 oktober i Sogndal ?
Det er på høg tid å arrangere medlemsmøte i Sogndal. Vi registrerte stor interesse for det på møte.
Styret skal derfor ha eige møte om dette fredag 15 september kl 1200. V må registrere deltakarar  og kven som kan køyre.
Bjørg kan tenke på lokale og servering.

Sak 6: Økonomi

Kjell orienterte om økonomien i laget som er bra. For 2023 og 2024 må vi rekne med  reduserte tilskot frå Telenor
Pensjonistane fekk frå 1 mai 2023 eit tillegg på 8,54 % etter den nye modellen med gjennomsnittet av lønns og prisvekst.


Sak 7
: Ymse

Litt av kvart

Deltakarar på møte: 22

Kristian (ref)