29. juni hadde vi sommarutflukt til Haugesund. Vi vart berre 5 som kunne vera med.
Vi køyrde eigen bil. Me starta kl 9 og var heime ca kl 17.
Vi var først ute til Kvala Fyr.
Deretter Kvalavåg badeplass der eg serverte kaffi/te og lefse.
Deretter Haraldstøtto, ved Eivindsvatnet hadde vi og nokre forfriskninger.
Deretter køyrde vi til Karmøy og såg på Avaldsneskyrkja.
Til slutt havna vi på Raglamyr og Amandasenteret der me kjøpte oss eit godt måltid mat.
Alle var fornøgd med turen, sjåføren og guiden.
Vi håper vi får fleire med oss til neste.
Helsing Ann-Mari Nilsen