Sommarutflukten som vart til haustutflukt.

Sommarutflukten som vart til haustutflukt.

23. oktober 2023 drog 11 glade Telepensjonistar til Skånevik Fjordhotell.

9 stk drog frå Stord med hurtigbåt og to kom frå Ølve via Kvinnherad med bil.

Været var ikkje det beste med tåke hengande nedetter fjellsidene og yr i lufta.  Me hadde bestilt middag med kaffi og desert etterpå.  Pga sjukdom var ikkje maten klar før 14.30.

Me drog difor ut på litt sightseeing i nærområdet til hotellet.  Me var ute på øya «Peparen» rett nedanfor hotellet.  Ein nydeleg plass i alle fall sommarstid.  Nokon fekk og handla litt på ein klesbutikk.

Me fekk servert nydeleg kyllingrett, grønnsaker med båtpoter i ein god saus. Til desert var det sjokoladefondant med is og jordbær samt kaffi.

Praten gjekk lystig og alle var einige om at det hadde vore ein særs vellukka utflukt. Heimturen gjekk same vegen med ferje eller hurtigbåt.  Takk for laget alle.

Edle og Atle Amble, Kristi og Egil Alsaker, Magnhild Thorland, Astrid Himle, Åshild Kalleklev, Asbjørg Bolkan, Randi Helland, Sylvi Brunborg og Ann-Mari Nilsen.

Helsing Telepensjonistane på Stord ved kontaktperson Ann-Mari Nilsen.