Styre-/medlemsmøte 04.10.2022

Førdehuset, Utstillingssalen

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.

 

Referat frå styremøte/medlemsmøte  04.10.2022,  Utstillingssalen Førdehuset

 

Til stades:  Oliv, Kjell, Helge, Kristian
Bjørg på tfn

Sak 1: Referat frå siste styre/medlemsmøte
Dårleg frammøte på eldredagen i Førde. Kanskje dårleg annonsering ?? Oliv takka Bjørg og Ingunn for godt referat frå turen til Indre-Nordfjord som kom på trykk i august utgåva av telepensjonisten. I same nummer stod også Dagunn sitt prosjekt «Trim for dei eldste eldre» med tekst og bilete. Sjå meir nedst i referatet.

Sak 2: Protokoll 08-2022 LSM 20.09.2022.

Ny vervekampanje blir iverksett frå 15 oktober 2022. Styret drøfta aktuelle tiltak. Styret kunne vore meir aktive og fleire tiltak vart nemnde. Julelunsjen og direkte kontakt med aktuelle er kanskje det beste måten å verve på.

Sak 3: Julelunsjen

I Sogndal har det ikkje vore organisert julelunsj sidan 2020 pga pandemien. Vil prøve å få til arrangement i 2022. (Bjørg)
Helge har vore i kontakt med Scandic hotell om dag og pris. Ut frå alternativa, vart det bestemt at årets julelunsj blir på hotellet onsdag 7 desember. Helge har også vore i kontakt med

Erling/Elle om musikk. Meir info seinare.
Sak4: Kollisjon mellom våre møtedagar og seniorkoret.
Godt forslag frå Oda: Møta blir på tysdagar som før, men medlemsmøtet vert utsett til kl 1200.
Dette vil gjelde frå 2023. Kjell avtalar med Førdehuset.

Medlemsmøte starta kl 1100.
Dagunn orienterte om trim prosjektet. Første video i programmet vart vist og møtedeltakarane deltok etter instruktør på skjermen.

Trim for dei eldste eldre

Dagunn Klakegg i Førde har vore primus motor i prosessen med å lage tre trimprogram

Trimprogramma rettar seg mot dei eldste blant oss, både dei heimebuande, som gjerne har ein  helsesituasjon som gjer at dei ikkje kjem seg ut av huset med eiga hjelp, og dei som er komne på institusjon og som gjerne sit og søv framfor TV-en fordi personalet verken har tid eller den kunnskap som trengs for å aktivisere dei.

Øvelsene blir utført sittende på ein stol,  etter fengende musikk og ein får aktivisert dei fleste musklane i kroppen. Programmet er etter eit mønster frå Ravneberghaugen Rehabiliteringssenter. Dei har spesialisert seg på nyopererte pasientar og funksjonshemma eldre og har flinke instruktørar og eit trim-program som egnar seg for denne målgruppa.

Hvert program er på rundt 20 minutt. Programansvarleg og instuktør er Kristian M Bye.

Tanken er å prøva å få NRK til å leggje programma ut blant sitt prorgamtilbud på nett. Dei kan også sjåast på YouTube. Klikk på lenkane under for å sjå programma.

Program 1
Program 2
Program 3

 

Deltakarar på møte: 26

Kristian (ref)