Utstillingssalen, Førdehuset
Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.
Referat frå styremøte/medlemsmøte 05.09.2022, Utstillingssalen Førdehuset
Til stades: Oliv, Kjell, Helge, Kristian
Fråvær: Bjørg
- Referat frå siste møte før ferien.
Godkjent - Kjell: Innkalling til medlemsmøte og anna info frå styret blir utsendt via StyreWeb. Info på e-mail blir ikkje alltid lest og blir no også utsendt på SMS.
- Helge sender ut innkalling til styremøte med sakliste på mail til styremedlemane. Andre i styret kan då supplere og evt melde inn saker.
- Styret drøfta forslaget om «Samkjøring av grafisk profil». Styret vil fortsette å bruke lokale malar.
- Telenor har kome med forslag å endre tilskotet til telepensjonistande frå ramme tildeling slik det er no, til tildeling pr medlem. Landsstyret har bedt om nærare forklaring.
- Eldredagen i Førdehuset 30 september kl 1300. Kjell sender ut påminning via StyreWeb.
- Øvingane til seniorkoret er frå hausten lagt til tysdagar og kolliderer med våre møte. Vi gjer ingen endringar no.
Medlemsmøte kl 1100
09.06.2022 reiste telepensjonistane på tur til Olden og Loen og vidare til breeane. Det vart ein svært vellukka tur på alle måtar med gode tilbakemeldingar frå deltakarane. .
Stor takk og honnør til arrangørane Oddlaug og John, guiden Jens Hogreinningen «Jens ‘lommekjend’ og fortalde om livet i dalen – ja, til og med song om den prektige naturen og det den har å by på. Bussjåfør Løseth fortener all ros for god manøvrering av bussen på smale og kronglete vegar «
Stor takk også til Bjørg og Ingunn for eit flott og godt referat frå turen !
Dette var ein tur som verkeleg gav meirsmak !!
Dagunn har fått laga ein video om prosjektet på landsbasis ho deltek i. Video vert vist på Rådhuset i dag. Helge vil invitere ho til syning hos oss på neste medlemsmøte tysdag 4 oktober.
Møtedeltakarar: 17 ( + 3 seinare frå seniorkoret)