Utstillingssalen, Førdehuset
Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.
Referat frå styremøte 02.04.2019 Utstillingssalen/Førdehuset
Til stades: Oliv, Kjell, Bjørg (på telefon), Anders Aven (vara for Helge) og Kristian
Fråvær: Helge
Nytt styremedlem, Bjørg Alme Johannesen, Sogndal vart ønskt velkommen
i styret og var med på telefonen under styremøtet.
Sak 1. Referat fra forrige møte.
Styre-/medlemsmøte som var planlagt 5 mars måtte utgå grunna gravferd.
Siste møte i laget var årsmøtet 12.02.19.
Ingen merknadar
Sak 2. Protokoll 01-2019 frå Landsstyret.
Oliv gikk gjennom hovudpunkta i protokollen som vart diskutert i styret.
– skriv og rapporter utsendt i samband med årsavslutning av rekneskap for 2018.
– forslag budsjett for 2019-2020, men venter med godkjenning av budsjett for 2020 grunna
usikker tildeling frå Telenor.
– status StyreWeb og modul for medlemsregistrering og økonomi.
– kasserer kurs/10 foreiningar sagt seg interessert. (Ikkje behov for oss – Kjell har kontroll)
– retningslinjer/støtte til lokale datakurs frå forbundet. Ramme kr 5000 pr kurs.
– forslag økonomi- og vedtaksendringar til behandling på Landsmøtet 8-9 mai 2019.
Behandling av forslaga mottatt frå Landsstyret.
Forslaga vart gjennomgått på styremøtet. Styret støtta Landsstyret si tilråding til vedtak..
Forslaga blir vedlagt møtereferatet. Sjå vedlegg.
Sak 3. Spørje undersøking.
Oliv gikk gjennom spørsmåla og svara som var gikk. Ho hadde konferert med Kjell når det gjaldt erfaringane med StyreWeb. Godt svart og fin tilbakemelding frå Marie i Trondheim.
Kjell viste økonomi rapportar frå StyreWeb som han tok ut kvar mnd. Svært oversiktlige og nyttige som underlag for økonomi behandling på styremøta. Kan disse oversendast styret
i forkant av møta på e-mail ??
Sak 4: Eventuelt
NB: Grunna landsmøtet, må neste styre-/medlemsmøte flyttast til fredag 10 mai.
PS: MÅ SJEKKE LEDIG MØTEROM !!
Årets medlemstur er planlagt til tysdag 4 juni med buss frå Førde. Deltakarar frå Sogn området kan evt komme på frå Skei.
Turen går til Nordfjord og truleg Måløy området. Turkomiteen jobbar med saka.
Meir informasjon vil bli framlagt på møtet 10 mai.
Deltakarar på medlemsmøte 24
Kristian (ref)