Styremøte 03.03.2020

Førdehuset/Utstillingssalen

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.

Referat frå styremøte 03.03.2020 Utstillingssalen/Førdehuset

Til stades: Oliv, Kjell, Helge, Kristian
Bjørg på tfn
Sak 1. Evaluering av årsmøtet
Godt frammøte og godt møte. Kjekt med god deltaking utanom Førde.
Forbundet har fått tilsendt alle papir pr post og i tillegg rekneskapstal på xl-ark.
Ingen merknadar.

Sak 2. Protokoll 1 og 2 frå landsforbundet.
Oliv gikk gjennom protokollane og kommenterte.
Leiarkonferanse 21 -22 april på Gardermoen. Oliv deltek frå oss.
Et av tema på konferansen er prosjektet «Leve heile livet» Det er kommunane som har ansvaret for at flest mulig har et aktivt liv og klarer seg sjølv best mulig.
Tatt til etterretning.

Sak 3 – Økonomi
Kjell oversender månadsrapport til styret i forkant av kvart møte. Kasserar gikk gjennom
rapporten og kommenterte postane. Lite bevegelse så langt i år. Ca halvparten av medlemene
hadde betalt medlemskontingenten før fristen som går ut i disse dagar.
Sak 4. Medlemstur til våren.
Tema vart diskutert både på styremøtet og seinare på medlemsmøte.
Alternative turopplegg vart drøfta. Konklusjonen vart at årets vår tur går til Høyanger og Balestrand. Turen går tysdag 2 juni 2020 med buss frå Førde.
Turgruppa vil no gå i gang med planlegging inkl kostnadar.
Deltakarar utanom Førde kan velje oppmøtestad.
Sak 5. Eventuelt
Dagunn orienterte. Vidareføring av Eldredagen i Sunnfjord kommune. Skal markeringa skje lokalt som tidlegare eller kva tenkjer det nye eldrerådet i kommunen ? Plassproblem i Førdehuset viss felles arrangement.
Tidlegare er det Eldrerådet i Førde kommunen som har utpeika ansvarlige for arrangementet. Stor stemning for fortsatt lokalt arrangement.

Møtedeltakarar: 19

Kristian (ref)