Førde Camping
Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.
Referat frå styremøte 04.08.2018 på Førde Gjestehus og Camping.
Til stades: Oliv, Kjell, Kristian: Signe og Helge på tfn.
Sak 1. Referat fra forrige møte
Ingen merknader
Sak 2. Skriv frå forbundet.
Oliv gikk gjennom protokoll 6/18 få landsstyret.
Nytt medlemsregister i StyreWeb er innført for dei 5 første lokalforeiningane.
Det vil bli kurs i for alle lokalforeiningane i løpet av hausten. For Sogn og
Fjordane vil kurset bli i Bergen 25 oktober 2018.
Kjell og Kristian deltek frå oss.
Landsmøte 2019 er planlagt til 7-8 mai. Meir info seinare.
Sak 3: Tilbakeblikk på turen Værlandet/Bulandet.
Kristian tek kontakt med Gunhild Skoglund i «Telepensjonisten» for evt innlegg i
bladet.
Under medlemsmøter var det mimring med bilde frå turen. Veldig gode tilbake
meldingar med honnør til turgruppa Oddlaug og John !!
Sak 4: Julelunsjen 2018.
Helga hadde kontakta aktuell hotell i Førde og på Skei for pris mm.
Styret går inn for at årets julelunsj blir på Scandic Hotel Førde (Sunnfjord Hotell)
som vi har fått ein god pris frå og som vi er kjende med frå tidlegare.
Årets julelunsj blir 7 desember 2018. Helge tek kontakt med Elle for musikk.
Sak 5: Økonomi og medlemstal
Kjell hadde lage ei oppdatert og god oversikt på status medlemar og økonomi i
forhold til budsjett. Medlemstalet pr 27.08.18 er 127.
Økonomien i rute .
Sak 6: Møtelokale ut 2018
Styret drøfta fleire alt.
Etter møte kontakta styret i TP Førde Camping om leige ut året – 2 møter.
Dette vart bekrefta ok.
Sak 7: Evt
Dagunn orienterte om Eldrerådet sitt forslag til Førde kommune om ein sosial
møteplass for pensjonistar. Ho hadde oversendt referat frå møte Frivilligsentralen og Frisklivssentralen i Førde hadde med Førde Pensjonistlag tysdag 28 august kor saka var drøfta med forslag til aktivitetar.
Dette var interessant for oss og Helge får i oppdrag å kontakte Doris Rutledal, Folkehelsekoordinator i Førde kommune for deltaking på neste styre/medlemsmøte 2 oktober på Førde Camping.
Besøk i heimen for dei i kommunen som er 75 år og eldre ?? – drøfta og mange synspunkt på det.
Deltakarar på møtet: 25
Kristian (ref)