Styremøte 05.04.2016

TELEPENSJONISTLAGET
SOGN OG FJORDANE                                                  

REFERAT

Frå styremøte, Førde hotell, tysdag 05.04.2016 kl. 1030

Til stades: Oliv Ottesen, Kjell Hjelm, Harald Steiro, Dagunn Klakegg ,
Helge Ottesen og Kristian Strømmen
Sak 1.   Referat frå  styremøte  03.01.2016
Harald har sendt ut innbetalingskrav etter dei nye retningslinjene med redusert kontingent til honnørmedlem.  Han har også snakka med medlem i Stryn og forklart bakgrunn for vedtaket. Pt har vi 92 medlem som har betalt.  Harald følgjer opp .
Ellers ingen merknader.

Sak 2.   Kven skal reknast som medlem  og momskompensasjon. (Harald)
I flg kasserer i forbundet Finn-Erik Elster,  er dett berre Levande medlem og som har betalt medlemskontingenten pr 31.12 som skal teljast med. Noko usikkerhet om dette og vi avventar sentral avgjerd.
Momskompensasjon:  For 2014 har vi fått ein momskompensasjon på kr 1718 av eit driftsbudsjett på over kr 11.000. Dette synest Harald er for lite og sjekkar med forbundet.
Sak 3 Uttale om Ny Eldrerådslov til Pensjonistforbundet. (Dagunn)

Eldrerådet er eit rådgjevande organ for kommunen og skal ha rett til å uttale seg i alle saker som vedkjem eldre.
Departementet foreslår å erstatte no værande eldrerådslov med ein ny paragraf i kommunelova og at delar av dagens eldrerådslov vil bli flytta over til forskrift.
Det er viktig er at eldrerådet  får  til handsaming alle saker som vedkjem eldre.  Alle saksdokumenta skal leggjast fram for rådet i god tid før kommunestyret handsamar sakene.
Leiar i Førde Eldreråd Dagunn  har engasjert seg .  Ho vil saman med andre i rådet og evt fleire svare på spørsmåla det skal takast  stilling til. Styret i lokalforeininga vil bli orientert. Svarfrist 20 mai til dep.

Sak 4 Arbeidsfordeling i det nye styret.
Styret har i fleire høve vore ute av stand til å avvikle styremøter som planlagt grunna fråvær som skuldast reiser og/eller sjukdom. Konsekvensen av  dette har vore at meirarbeidet til tider og over tid har falle på leiar og nestleiar. Slik kan vi ikkje ha det. Arbeidsoppgåvene må derfor fordelast på ein måte som gjer at alle i styret  i utgangspunktet har faste styreoppgåver.  I fyste omgang vil Kjell som ny nestformann, overta det som Helge har hatt ansvaret for.  Alle i styret må kunne overta oppgåver for kvarandre og elles  bruke  varamenn ved fråvær og behov.

Sak 5 Møtestad neste møte og Turar.
Vi prøver igjen og legg neste medlemsmøte tysdag 3 mai til Movika. Alle møter ved «Laksen»
kl 1200 for transport i eigne bilar. Dersom avlysing blir møtet på Førde Hotell som vanleg.
SJÅ: DET SKJER I FIRDA.

Bjørg Vie orienterte om turen som Førde Pensjonistlag har under planlegging til Lutelandet og Ytre Sogn 11 mai. På møtet var det 17 som rekte handa i været som interesserte.

Bjørg føljer opp saka og påmelding vil bli til henne seinare.

Det var 20 deltakarar på møtet.

Kristian (ref)