Styremøte 07.01.2020

Førdehuset/Utstillingssalen

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.

Referat frå styremøte 07.01.2020 Utstillingssalen/Førdehuset

 

Til stades: Oliv, Kjell, Helge, Kristian
Bjørg på tfn fram til sak4.

Sak 1. Referat fra forrige møte.
Ingen merknadar.

Sak 2. Resyme av julelunsjen i Førde og Sogndal
Julelunsjen er truleg det arrangementet som samlar flest av våre medlemmar. Det er også viktig at dette blir brukt for å verve nye medlemmar. Det er her vi møter den «største «flokken» våre til hyggeleg prat, mimring, underholdning med god mat og drikke.

Godt frammøte både i Sogndal (20) og Førde (59), men nokre avbod grunna sjukdom, vær ol.
I Sogndal vart det rekruttert 4 nye medlem!
Økonomisk gikk julelunsjen i år med eit underskot på totalt kr 7000.

I lys av varsla redusert tilskot frå Telenor i 2020 og lågare overføring frå forbundet, diskuterte styret korleis vi bør sponse våre arrangement i framtida. Konklusjonen var at julelunsjen bør prioriterast framfor sponsing av turar.

Sak 3 – Økonomi
Kjell hadde la fram Resultatrekneskap 2019 og Budsjett 2020 og kommenterte dei enkelte postane og korleis dei hang saman. Vi går inn i 2020 med kr 78 818, 27 i banken mot kr 95034, 56 ved inngang til året før.

Sak 3. Skriv frå forbundet/Kristian (TP Protokoll 12-2019)
Landsforbund har fått spørsmål om deltaking i eit prosjekt for Telenor. Prosjektet har bakgrunn i at Telenor skal avvikle kopparnettet. I Førde var det 3 som meldte seg. men berre 2 kundar som skulle sjekkast. Kristian tok begge.
Forbundet har fått auka momskompensasjon med kr 100 000. Av dette vil ca kr 50 000 gå til lokalforeiningane.

Sak 4. Årsmøtet 2020.
Årsmøte i Sogn og Fjordane telepensjonistforeining blir:
Tysdag 11 februar 2020 kl 1100 i Førdehuset/Utstillingssalen.
Førebuing:
– lokale og bevertning – Kjell

foredragsholdar og dirigent – Helge
– årsmelding – Oliv/Kristian
– økonomi og rekneskap – Kjell
Invitasjon til årsmøtet med fristar for innmelding av forslag, påmelding mm – Kristian og utsending via StyreWeb – Kjell.

Årsmelding, rekneskap og budsjett blir ikkje sendt ut, men kopiert til møtet.
Kristian sjekkar om det er endringar etter Landsmøtet 2019 som må inn i våre vedtekter.

 

Sak 6. Eventuelt  – Vi må få høgtaler til neste måte !! Kjell

Møtedeltakarar: 21
Kristian (ref)