Styremøte 08.01.2021

Heime hos Oliv og Helge

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane

Styremøte 08.01.2021 heime hos Oliv og Helge
Tilstades: Oliv, Helge, Kjell og Kristian
Fravær: Bjørg

Sak: Årsmøte 2021

Styret var samla for å diskutere på kva måte årsmøtet for 2021 skal avviklast.
Etter vedtektene skal årsmøtet haldast innan 15.02.2021.

Etter litt diskusjon vart styret einige om at fysisk møte ikkje var mulig og at årsmøtet
må avviklast digitalt  etter retningslinjene frå landsstyret.

Melding som vart sendt medlemmene på e-post/SMS 13.01.2021.

 

Kjære telepensjonistmedlem.

 På grunn av koronapandemien kan vi ikkje møtast til fysisk  årsmøte i 2021.

Dei sakene som normalt vert behandla og vedtatt på eit årsmøte, må i år behandlast skriftleg via e-post, mail eller brev.

 Dette gjeld Styrets årsmelding, revidert rekneskap, fastsetting av medlemskontingent, budsjett, val til styret og andre verv og innkomne forslag.

 Eventuelle forslag må være styret i hende innan 01.02.2021.  Kan sendast Kristian Strømmen –kelstroe@online.no

 Onsdag 27.01.2021 vil vi sende ut sakliste vedlagt dei dokument og forslag som skal behandlast. Dokumenta vil bli sendt med e-post, mail eller brev.

 Ved å klikke på lenka under, kjem de rett inn på ein meir fullstendig informasjon om avvikling av årsmøtet 2021:

 https://telepensjonistene.no/avdelinger/sogn-og-fjordane/

 Helsing styret

 

Frist for tilbakemelding frå medlemane til det som er sendt ut: 10 februar 2021.

Kristian (ref)