TELEPENSJONISTANE VOSS – SEINSOMMARTREFF

TELEPENSJONISTANE VOSS – SEINSOMMARTREFF

Onsdag 2. september hadde 11 Telepensjonistar treff på Hedleberget på Kyte på Voss. Meterstokken og spriten var sjølvsagt med!

Voss skiferbrud starta opp skiferdrift her i 1885, og på 1900 talet var det den største arbeidsplassen på Voss. Historien og omvising fekk me av Jan Olav Grevle, som er einaste drivar av skiferbenk her no.

 

 

Gunnar Gjerme, eit av våre medlem, supplerte historien og tok oss med på vandring til Museumet, og den flotte Utescenen, som er laga til inntil bergveggen her. Ein heilt magisk plass, der masse konsertar med kjende artistar har vore arrangert!

 

 

Turen gjekk vidare til Songveshytta, ei flott restaurert hytte der ein kan ta i mot ulike lag. Her vart me godt mottekne av Åse Kyte, som serverte oss nydeleg middag, korv, pota og kålrabistapp, og Hedlebergtaus til dessert.

 

Dagfinn Norheim var med oss på trekkspel, og med song og sosialt samvær vart det ein svært kjekk og triveleg dag, i fint  solskin, og  med flott utsikt!

 

Dagfinn Norheim

 

 

Kjellaug Gjerstad Norheim, kontaktperson Voss.