7. juni reiste me 17 stk med buss til Kvanndal og ferje over til Utne.
Der vandra me litt rundt nedanfor museet og såg på dei gamle nausta.
Etterpå gjekk me inn på Hardanger Folkemuseum der me fekk ein god og kunnskapsrik omviser.
Det var tre ulike utstillingar . Den fyrste var ved illustratør Ingunn van Etten og hennar bileta frå ulike barnebøker.
Den andre var bunader/festdrakter frå ulike tider. Brudepar med krunebrur. Etter kl tolv; dvs når det gjekk over i neste dag skulle krona av og skautet på. Dette er ein kunnskap som få kan idag. Det er eit tidkrevende arbeid å laga skautet og å setta det på. Skautet har ein stor skalk som symboliserer Folgefonna.
Me fekk sjå mange ulike breiaband både sydde og vevde. Dei ulike grendene hadde sine mønster.
Sidan kom me inn på utstillinga over Hardingfeler og kven som hadde laga dei.
Dei hadde og flotte felekassar i tre med namn og rosemaling på.
Etterpå gjekk me ut og opp bak museet til klyngetunet. Der har dei samla mange hus frå ulike tider. Me var inn i to av dei og fekk sjå korleis folk levde i tidlegare tider frå open grue til den vart meir kledd og gav meir varme.
Det var mykje overtru og husa då hadde ein eigen liten utgang der lik vart teke ut slik at dei ikkje skulle finna vegen tilbake via den ordinære inngangsdøra .
Me fekk ein svært god lunsj på Utne Hotel der Jon Aga presenterte menyen og prata litt.
Alle var svært nøgd med dagen, og praten heimover i bussen gjekk lett som vanleg.
Venleg helsing
June og Ingrid
Alle foto @ Ingrid Bjørke Nisamjan