Vedtekter for Telepensjonistane i Sogn og Fjordane

Oppdatert 08.02.2020

VEDTEKTER

                               For Telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane.
Sist endra:

08.februar 2020*
13. februar 2013
9. februar 2016
8. februar 2018

  • 1 Namn

Laget sitt namn er: TELEPENSJONISTLAGET  I  SOGN OG FJORDANE.

  • 2 Formål

Laget sitt formål er å verne og fremje medlemane sine sosiale, kulturelle og økonomiske interesser og å arbeide aktivt for å påverke eldrepolitikk/-omsorg i praksis.

  • 3 Medlemsskap*

Tidligare tilsette i Televerket/Telenor eller i dotterselskap som er utskilde frå Telenor og tilsette i dei same bedriftene, deira ektefelle/sambuar og attlevande ektefelle/sambuar, kan bli medlem av foreininga

  • 4 Kontingent

Medlemskontingenten blir fastsett av årsmøtet og kan ikkje være lågare enn
minstekontingent fastsett av landsmøtet.

  • 5 Årsmøtet

Høgste myndigheit i laget er årsmøtet. Det skal haldast årleg innan 15. februar.  Årsmøtet skal kallast inn med 3 vekers varsel. Forslag som ein ynskjer å få handsama, må vere komne til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Årsmøtet handsamar:

  • Årsmelding
  • Revidert rekneskap (rekneskapen fylgjer kalenderåret)
  • Fastsetting av medlemskontingent
  • Budsjett
  • Innkomne forslag
  • Val i samsvar med § 7. Val blir avgjort med alminneleg fleirtal og skal vere skriftleg dersom nokon ber om det.
  • 6 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte blir innkalla med 14 dagars varsel, når styret finn det nødvendig eller når minst 1/3 av medlemane skriftleg krev det. Berre dei sakene som er årsak til innkallinga kan handsamast på ekstraordinært årsmøte.

 

  •  7  Styret

Laget vert leia av eit styre på 5 medlem med 2 varamedlem.                                                          Styremedlema (utanom leiaren) har funksjonstid på 2 år. Dei 2 revisorane har funksjonstid på  2 år, sameleis dei 3 i valkomiteen og dei 2 i turnemnda.                                                                                      Kvart år skal det velgast:

  • Leiar for eit år
  • 2 styremedlem for 2 år
  • 2 varamedlem for styret for 1 år
  • 1 revisor for 2 år
  • 1 vararevisor for 1 år
  • 1 alternativt 2 medlem til valkomiteen for 2 år. Ein av dei 3 vert utpeika som leiar.
  • 1 medlem til turnemnda for 2 år. Ein av dei 2 vert utpeika som leiar.
  • Eventuelt andre nemnder som er oppretta av årsmøtet. Styret  konstituerer seg sjølv med nestleiar, sekretær og kasserar.
  • 8 Styret sine oppgåver

Styret skal:

  • Handsame alle saker som gjeld laget si verksemd og sette i verk dei tiltaka som kan fremje laget sitt formål.
  • Rettleie og fylgje opp arbeidet i komitear/utval som er oppretta av årsmøtet eller styret.
  • Sjå til at laget sine midlar blir forvalta på ein forsvarleg måte og at rekneskap og behaldning alltid er i orden.
  • Utnemne dataansvarleg og kontaktperson for medlemsbladet Telepensjonisten.
  • 9 Møte

Leiaren kaller inn til styremøte og medlemsmøte og leier desse. Dersom leiaren har forfall tar nestleiaren over. Det skal kallast inn til møte så ofte som leiaren eller styret finn det ynskjeleg.

  • 10 Oppløysing*

Oppløysing av laget kan berre vedtakast av eit årsmøte (ordinært eller ekstraordinært) med minst 2/3 fleirtal av dei avgitte stemmer. Forslag om oppløysing skal være varsla ved innkalling til årsmøtet.

Foreininga sine arkiv, protokollar og rekneskap skal over sendast til Telepensjonistenes Landsforbund til oppbevaring. Ein forholdsmessig del av foreininga sine attverande aktiva skal følje dei medlem som ynskjer å oppretthalde sitt medlemskap i forbundet ved overføring til anna lokalforeining. Med forholdsmessig meinast total kapitalbehaldning på oppløysings dato delt på antall aktive medlem på same dato. Aktiva som ikkje vert fordelt til mottakande foreining tilfell forbundet

  • 11 Vedtektsendring

Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal av årsmøtet sine røyster.