Årsmøte 2015

Telepensjonistlaget
Sogn og Fjordane.

 

Referat frå

Årsmøte i Telepensjonistlaget tysdag 10 februar 2015 kl 1100.
Møtestad: Førdehuset/Utstillingssalen.
Årsmøtet var lagt til Førdehuset, Utstillingssalen.  Alle pensjonistane i fylket var invitert ved utsending av årsmøtedokument med post ihht fristar i vedtektene.

Førdehuset synest å være eit godt val både med tanke på lokale, servering og pris.

Sak 1. Opning
Leiar for telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane, Oliv Ottesen ynskte dei 30 frammøtte velkomne til årsmøtet og laget sitt 25 års jubileum som skulle markerast  med kaffe og kaker. Vår eigen historikar Harald Runde var invitert til å fortelje meir om skipinga av laget.

Sak 2. Aktuelle saker
Rådmann Ole Johan Østenstad var invitert for å orienter om viktige saken i Førde kommune – ei drivkraft med menneska i sentrum. Han holt eit svært aktuelt og interessant foredrag om emne som på eit eller anna vis vil røre oss alle.  Han tok for seg tema som: Særpreg ved Førde, Utfordringar, Plansystem, Kommuneplan og arealplan og ikkje minst kva skjer i Førde i dei nærmaste åra (og det var ikkje lite). For dei som vil lese meir sjå: www.forde.kommune.no (evt ta kontakt med meg så kan eg sende over plansjane han brukte under foredraget)
Oliv takk rådmannen som fikk med seg fine blomar og litt kake for innsatsen.
Ein grå novemberdag for 25 år sidan vart Telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane skipa. Det skjedde under ei samling på Skei Hotell 14 og 15 november 1989. Etter skipingsmøte kunne ein lese i Mini-Tea:  I lang tid har Førde teleområde sysla med tanken å få etablerte ei pensjonistforeining. Med eit så stort geografisk område og pensjonistane spreidde vide omkring, såg vi det nyttelaust å komme i gang utan ei samling med pensjonistane. Frå administrasjonen møtte Kåre Sundquist, Kjell Hjelm og Målfrid Haveland. Formann i Bergen pensjonistforeining gjennom mange år, Alf Eriksen var og invitert til samlinga.
Samlinga vart avslutta i strålande solskin og alle var glade for at møtet gav eit så positivt resultat ……………
Takk til Harald som hadde samla dei historiske bitane – litt her og litt der- til ei fin oppsummering og så var det tid til jubileumskake og kaffe !

 

Sak 3 – Navneopprop
Det var 30 røysteføre deltakarar.

Sak 4 – Godkjenning av innkalling og sakliste
Ingen merknader

Sak 5 – Val av møtedirigent –referent –teljekommite samt to til å underskrive møteprotokoll.
Disse blei valt: Kjell møtedirigent, Kristian, ref – Aslak og Erik, teljekom/underskrift.

Sak 6 – Årsmelding
Oliv hadde som vanlig laga ei fyldig og god årsmelding som synte aktivitetane i laget. Ho gjekk i gjennom årsmeldinga for 2014 punkt for punkt med kommentarar.

Info under pkt medlemskontakt:
– Halldis Hagen i Nordfjord og Signe Sva i Indre Sogn.
– Vi har 3 deltakarar i Eldrerådet i Førde kommune, Dagunn Klakegg og Solveig Opseth med Erik Hauge som vara.
– Honnør og takk til alle våre som deltek i senioruniversitetet, operagruppa, kino litteraturgruppa m.fl.

Organisasjonsutvalet
Innstillingen fra Organisasjonsutvalget – Tilbakemelding fra Telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane.

Oliv orienterte og gikk gjennom styret si tilbakemelding på innstillinga med hovudvekt på:   Medlemsutvikling, Økonomi og Vanskar med å få tillitsvalde.

Årsmelding – godkjent.

Sak 7 – Rekneskap
Kasserer gikk gjennom revidert rekneskapen for 2014 og kommenterte dei enkelte postane. Laget hadde i 2014 eit overskot på kr 9177. Overskotet kom av underforbruk i forhold til budsjett på postane Årsmøtet/Medlemsmøter og Reiser tillitsvalte. Grundig og godt rekneskap som vanleg !
I sine kommentarar til rekneskapen mente kasserar det no var rom i for meir subsidiar til mellom anna reiser og julelunsjen

Rekneskap – godkjent.

Sak 8 – Medlemskontingent
(Medlemskontingenten frå  2014 er på kr 200.
Medlemar slepp kontingent frå det året dei fyller 85 år. Dei vert då honnørmedlemar.)

Ingen endring

Sak 9 – Innkomne forslag.
Ingen forslag.

(Kompensasjon:  Leiar kr 1500, nestleiarkasserer/sekretær/styremedlem kr 400.

I tillegg kr 400 til Målfrid Haveland for arbeidet ho gjer med presangar og blomsterhelsingar til jubilantar i laget.)
Ingen endring.

 

Sak 10 – Budsjett
Kasserar gikk gjennom budsjettet for 2015 og kommenterte postane.
Budsjettet for 2015 syner eit underskot på kr 8110. Dette har bakgrunn i landsmøtet 2015 og
reiser med besøk utanom Førde.

Budsjett – godkjent.

 

Sak 11 –Turopplegg
Birgit Iversen gav ordet til Erik Hauge og Rolf Haugnes.
Erik presenterte ein tur til Sogn med alternative med mange alternativ for stader vi kunne reise innom – Solvorn – Urnes kyrkje – lunsj på Urnes gard –Muntehuset på Kroken overnatting på Skjolden hotell evt Turtagrø(stor stemning for tur med overnatting) Neste dag tur oppover Jostedalen/Sperle med besøk i kraftstasjon, Nigardsbreen  ……….
Dette vil være en tur som går på våren/juni 2015.
Tur 2 i 2015 kan være tur til Værlandet/Bulandet hausten/september 2015.

Turkomiteen saman med Erik og Rolf jobbar meir med forslag fram til medlemsmøte tysdag 3 mars.

 

SAK 12- Val
Valnemnda presenterte sitt forslag.

Leiar                            Oliv Selstad Ottesen   ( attval for 1 år)
Nestleiar                     Helge Ottesen              (1 år til)
Styremedlem             Dagunn Klakegg           (1 år til)
Kasserar                      Harald Steiro                (attval for 2 år)
Sekretær                     Kristian Strømmen      (attval for 2 år)

Varamedlem:             Anders Aven              (attval for 1 år)
Målfrid Haveland        (attval for 1 år)
Revisor:                      Gerd Osland                  (1 år til)
Greta Dale                     (attval for 2 år)
Vararevisor:              Oddlaug Åsen               (attval for 1 år)

Turnemd:                   Birgit Iversen                 (1 år til)
Bjørg Vie (ny)                (val for 2 år)

Valnemd:                    Ivar Løland                    (attval for 1 år)
Erik Hauge                  (attval for1 år)
Aslak Hafstad              (attval for 2 år)

Ivar Løland  kallar inn valnemnda.

Valet  godkjent med aklamasjon.

 

SAK 13 – Avslutning
Oliv takka for frammøtet og eit godt gjennomført årsmøte.
Stor takk til henne for alt føre arbeidet og god avvikling av møte !
Så var det middag – kjøttkaker, dessert og kafe – som smakte godt !
Kristian (ref)

 

Godkjent:

 

Aslak Hafstad                                    Erik Hauge