Årsmøte 2018

Årsmøte 2018

Førdehuset/Utstillingssalen

Telepensjonistlaget
Sogn og Fjordane.

Protokoll frå

Årsmøte i Telepensjonistlaget torsdag 08 februar 2018 kl 1100.
Møtestad: Førdehuset/Utstillingssalen.

Sak 1. Opning
Leiar for telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane,  Oliv Ottesen ønskte dei  frammøtte velkomne til årsmøtet.  Ho ønska spesielt alle frå Sogndal og Ulf Rathe, representant frå forbundet velkomne. Ulf er også leiar for Pensjonistlaget i Bergen og Hordaland.
Forsamlinga mintes dei 3 som var gått bort frå sist årsmøte – Olav Myklebust, Liv Indrebø og Sigrid Roska – med eit minutts stillhet.

                   Sak 2. Aktuelle saker v/Ulf Rathe
Nestleiar i forbundet Ulf Rathe orienterte om vedtak på Landsmøte mai 2017 og andre aktuelle saker:
– landstyret redusert frå 7 til 5 medlem og meir arbeid på dei som er att.
– frå 2018 må alle betale full kontingent.
– minimumskontingent på kr 100,  men ikkje fritak – alle må betale. Nødvendig for støtte.
– skal ikkje være tilbakeverkande. Mulig med lokale løysingar.
– honnørmedlem utgår.
– Gjøvik, Steinkjær og Valdre nedlagt
– arbeid med nytt medlemsregistrerings system.  Tilgang for lokale listeførarar/registrering.
– leiar samling på Gardermoen 10-11 april 2018.  Innspel frå lokalforeiningane til forbetring.
– møte med Berit Svendsen, Telenor om støtte for 2019-20.

Takk til Ulf og blomar frå Oliv.

.              Sak 3 – Navneopprop
Det var 34 røysteføre deltakarar.

Sak 4 – Godkjenning av innkalling og sakliste
Leiar refererte saklista. Ingen merknadar.

Sak 5 – Val av møtedirigent –referent –teljekommite samt to til å underskrive møteprotokoll.
Disse blei valt: Harald Runde møtedirigent, Kristian, ref – Aslak Hafstad og Arne Gjerde teljekom/underskrift av protokollen.

Sak 6 – Årsmelding
Oliv hadde som vanlig laga ei fyldig og god årsmelding som synte aktivitetane i laget. Ho gjekk i gjennom årsmeldinga for 2017 punkt for punkt med kommentarar.

Info/merknadar/diskusjon under  gjennomgangen:

  • Stor takk til Signe og Erling Hovland/Elle for opplegg og det heile i samband med turen til Lærdal 11 mai 2017..
  • Kombinere turar og medlemsmøter utanom Førde.
  • Godt frammøte på våre medlemsmøte –   20 – 25 i snitt.
  • Informasjon om dødsfall. Mirjam Holvik var ein av initiativ takarane til laget.
  • Lite kontakt med medlemmene i Nordfjord.
  • Mykje god informasjon i årsmeldinga – bør lesast !

        Årsmelding – godkjent.

Sak 7 – Rekneskap
Kasserar, Kjell Hjelm  gikk gjennom revidert rekneskap for 2017 og kommenterte dei enkelte postane. Laget hadde i 2017 eit overskot på kr 31391,64.  Største inntektspostane er overføringar frå Forbundet og medlemskontingent. Størst utgiftspost er årsmøtet, medlemsmøter og julelunsjen. Laget har god økonomi og godt grunnlag for auka aktivitet.
Grundig og godt rekneskap som vanleg !

Rekneskap – godkjent.

Sak 8 – Medlemskontingent
Forslag frå styret:
Etter vedtak på Landsmøtet i mai 2017 skal minste medlemskontingent være på kr 100. For dei som har hatt redusert kontingent frå fylte 85 år, vert no kontingenten kr 100.
Frå 2018 må alle uansett alder betale full kontingent som i dag er kr 200.

Medlemskontingent godkjent.

Sak 9 – Endring av vedtektene
Forslag frå styret: Endring av tekst:

  • 3 Medlemsskap
    Tidligare tilsette i Televerket/Telenor eller i dotterselskap som er utskilde frå Telenor og tilsette i dei same bedriftene, deira ektefelle/sambuar og attlevande ektefelle/sambuar, kan bli medlem av foreininga.
  • 4 Kontingent
    Medlemskontingenten blir fastsett av årsmøtet og kan ikkje være lågare enn
    minstekontingent fastsett av landsmøtet.
    Endring godkjent – tekst i vedtektene endrast.
    Sak 10 – Innkomne forslag.
    Forslag frå styret: Endring av kompensasjon:

Endra kompensasjon til leiar og styremedlem for økonomiske utlegg det ikkje vert sendt rekning på – blekk og papir for kopiering, telefon mm .

Endring frå vedtak på Årsmøtet 2012 i parantes.

Forslag kompensasjon: Leiar kr 2000 (kr 1500), Kasserar kr 1500 (kr400)
Andre styremedlem kr 1000 (kr 400)

I tillegg får ansvarleg for arbeidet med gåver, blomster helsingar til jubilantar i laget kr 800 (kr 400)

Under presentasjon/diskusjon vart det sett fram forslag om at sekretær og kasserar burde ha lik kompensasjon på kr 1500.

Vedtak: Godkjent og lik kompensasjon for kasserer og sekretær på kr 1500.

 

Sak 11 – Budsjett                                                                                                                                                                                           Sak 10 – Budsjett
Kasserar gikk gjennom budsjettet for 2018 og kommenterte postane.
Budsjettet for 2018 syner eit underskot på kr 15200. Underskotet har bakgrunn i auka aktivitetar og medlemsmøter utanom Førde.

Budsjett – godkjent.

Sak 12 –Turopplegg
John Grønseth orienterte.
Ikkje ferdig program, men tur til Bulandet/Værlandet var aktuelt.
Betre og meir pålitelege informasjon og varsling – sms, e-post ol.

 

Sak 13- Val
 Møtedirigent presenterte valnemnda sitt forslag.

Leiar  Oliv Selstad Ottesen   ( attval for 1 år)
Nestleiar                    Helge Ottesen             (val for 2 år)
Kasserar                     Kjell Hjelm                   ( val for 2 år)
Sekretær                     Kristian Strømmen     (ikkje på val, 1 år til)
Styremedlem            Signe Sva                       ( val for 1 år)

1 varamedlem:          Anders Aven                 (attval for 1 år)
2 varamedlem:          Målfrid Haveland         (attval for 1 år)
Revisor:                       Gerd Osland                 (val for 2 år)
Oddlaug Åsen               (ikkje på val, 1 år til)
Vararevisor:                Greta Dale                    ( val for 1 år)

Turnemnd:                  John Grønseth             (ikkje på val, 1 år til)
Oddlaug Hjelm             (val for 2 år)
Valnemnd:                   Arne Gjerde                (ikkje på val, 1 år til)
Johanna Barstad         (val for 2 år)                                                                                             Oda Steiro                    (ny, val for 2 år)
Arne Gjerde  innkallar valnemnda.

Merknad:
Valnemnda foreslår   Nestleiar Helge Ottesen og Kasserer Kjell Hjelm vert valt for 2 nye år. Dette  for å unngå at heile styret  står på val neste år.

Valet  godkjent med akklamasjon.

 

SAK 14 – Avslutning
Oliv takka alle for frammøtet og for eit godt gjennomført årsmøte.
Så var det middag – kjøttkaker, dessert og kafe – som smakte godt !
Kristian (ref)

Godkjent: