Styremøte 04.04.2018

Førde Gjestehus og Camping

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.


Referat frå styremøte 04.04.2018 på Førde Gjestehus og Camping.

Til stades:  Oliv, Helge, Kjell, Signe (på telefon) og Kristian
 

Sak 1. Referat fra forrige møte

 Ingen merknader, men styre diskuterte prisar.
Prisen er kr 65 pr deltakar inkl kaffi/the for leige av møtelokale.
Eigenandel  kr 50 som betalast i resepsjonen.

Sak 2. Skriv frå forbundet .
Styret gikk gjennom protokoll 2/2018 og 3/2018 frå Landsstyret.
Viktig her var status og vidare arbeid med innføring av nytt Medlemsregister og
velferdsteknologi. Disse sakene skal også opp på leiarsamling 10-11 april2018.
Kristian  deltek frå oss.

PS: I skriv av 04.04.2018 har TPL bestemt at Styreweb skal nyttast som
medlemsregister og skal innførast frå 1 mai 2018.

 

Sak 3: Økonomi
  Kjell gikk gjennom status for rekeskap ihht budsjett for 1 kv.18. Det er pr dato
8 som ikkje har betalt medlemskontingenten.
Styret har bestemt at TP Sogn og Fjordane skal melde seg inn i
Frivillighetsregisteret i Brønnøysund. Kjell føljer opp disse sakene

Medlemsmøte:
Turgruppa v/John Grønset/Oddlaug Hjelm  orienterte om planlagt tur til Bulandet/Værlandet    5 juni 2018 med felles buss frå Førde ca kl 0900. Turen skal tilpassast tidsmessig for deltakarar frå Sogn og andre tilreisande. Må ha min 30 deltakarar..
Turgruppa lagar info om turen med prisar som vert lagt ut på våre heimesider.
Dagunn orienterte om kultur og aktivitetssenter for eldre. Prosjektgruppe frå eldrerådet og
Førde kommune.

Dagunn har eit barnebarn med doktorgrad innan Velferdsteknologi som kunne holde foredrag
om dette tema på eit seinare medlemsmøte.
Harald Runde – vår eigen historieforteljar –  fortalde  om Ivar Aasen si reise i 1842 -1843.

Veldig bra !
Deltakarar på medlemsmøte 12 (pga litt kluss med dato )
Kristian (ref)