Styremøte 07.04.15

TELEPENSJONISTLAGET

SOGN OG FJORDANE

REFERAT

Frå styremøte, Førde hotell, tysdag 07.04.2015, kl. 1000.

Til stades: Oliv Ottesen, Dagunn Klakegg, Anders Aven (1. vara) og
Helge Ottesen (referent)
Fråvær: Harald Steiro og Kristian Strømmen.
Sak 1. Referat førre styremøte 03.03.

Vedr. sak 4, der Dagunn sitt forslag til Organisasjonsutvalet som administrerande redaktør ikkje ville ta inn i Telepensjonisten. Dagunn har diskutert dette med fleire sentralt, og vart rådd av desse til å melde saka inn til Landsmøtet sidan det var ei prinsipp sak. Diverre var fristen for å melde inn saker til Landsmøtet  gått ut. (måndag 23. mars). Einaste moglegheita no er å ta saka opp som spørsmål under framlegging av Årsrapporten for 2014.  Denne saka vart og diskutert under Sak 4. Eventuelt på dagens styremøte.
Sak 2. Saker frå Landsstyret

Sidan dette var saker som rekneskap og budsjett som skal leggjast fram på Landsmøtet, vart dette utsatt til neste styremøte. Då håper vi og ha med oss vår uunnverlege kasserar att. Dessutan hadde ikkje Dagunn lest dei siste skriva  frå Landsstyret då ho ikkje har fått  opplyst korleis vi no må logge oss inn.
Sak 3. Liste over pensjonistar i Lærdal og Sogndal

Henning Bysheim har gjort ein grundig jobb, og har funne fram til 32 tidligare kollegaer  i Indre Sogn. 4 av dei har vi som medlemar frå før. Men slik det no ligg ann med eksamensvakter, Landsmøte og busstur til Indre Sogn, må det møte vi har planlagt der, utsetjast til etter sumarferien.
Sak 4. Eventuelt

Ingen saker bortsett frå det vi diskuterte frå referatet førre møte, vedr. sak 4.

Helge (ref)

15 på medlemsmøtet