Styremøte 07.11. 2017

Styremøte 07.11. 2017

Thon Hotell, Førde

Telepensjonistane Sogn og Fjordane

Referat frå styremøte 07.11.2017, Thon Førde hotell

Til stades: Oliv, Kjell, Helge, Signe (på telefon) og Anders Aven (1.vara).
Fråverande: Kristian

Sak 1.    Referat førre møte (03.10).
Ingen merknader.

«   2.    Skriv frå Landsstyret
     2.1  Protokoll frå Landsstyret. Tatt til etterretning. Vi merker oss at det er muleg
å få tilskot til lokal IT-opplæring dersom det er trong for det. Kontakt Kristian
dersom du ønskjer lokal IT-opplæring
Leiarsamlinga for 2018 er planlagt til 10.-11. april .neste år.
2.2  Registrering i Brønnøysundregistret. Kjell følgjer opp denne saka.

     2.3  Felles medlemsregistret i TPL. Ei sentral arbeidsgruppe skal undersøkje om alle
medlemsregistera kan samordnast til eit felles medlemsregister, slik
at endringar og oppdateringar berre gjerast ein gong. Vi har fått spørsmål
frå arbeidsgruppa som Kjell svarar på.
2.4  Budsjettføresetningar 2018.  Momskompensasjonen overførast i desember i år.
Vi får tildelt kr. 2.440,-. På grunn av innsparingar og ein god økonomisk situasjon,
har Landsstyret bestemt at det i år skal gjevast eit ekstra tilskot til kvart lokallag
på kr. 200,- per betalande medlem per 31.12.2016, og kr. 5000 per lokallag.
Landsstyret ønskjer at ekstratilskotet blir nytta til å styrkje lokallaga sin økonomi,
men først og fremst til å styrke og utvide aktiviteten i lokallaga til beste for
medlemmane.

Sak 3.  Spørjeskjema frå Ulf Rathe.
Ulf Rathe som er vår kontaktperson i Landsstyret har sendt styret ei rekke spørsmål
som Landsstyret ønskjer at vi svarar på. Vi har gått gjennom spørsmåla. Seinare vil
Ulf Rathe ringe til Oliv for å få vår meining. Ulf Rathe vil bli invitert til vår jule-
lunsj torsdag 14. desember
Sak 4.  Julelunsjen
             går etter planen. Det har stått i referat at julelunsjen begynner kl. 14:00 på
Sunnfjord hotell, men det er ikkje heilt rett. Kl. 14:00 er då vi går til bords inne i
Hugleiksalen. Men ein halv time før møtast vi i resepsjonen på hotellet for å ta ein
julegløgg og helse på dei frammøtte. Kjell og Kristian vil møte hos Oliv og Helge,
Skjæret 27, måndag 20. nov. kl. 18:00 for å lage til innbyding til julelunsjen.
Utsending neste dag med påmeldingsfrist 04. desember.
.
Sogningane skal ha sin julemiddag i Kulturhuset Sogndal 26. november med
påmeldingsfrist 16. nov. Då vil det bli avklart om Elle får reisefølgje tur/retur Førde –
Sogndal. Det er eit vilkår for at vår eminente trubadur orker å reise heilt frå Lærdal..
Sak 5.  Konklusjon Marit Voldsæther show/overnatting Augustin hotell, Bergen.
Det var berre 8 medlemmer som nytta seg av dette flotte tilbodet, av desse var 4  i
styret. Alle var einige om at det hadde vert eit svært morosamt show, og at turen med
besøk i kunstgalleriet om sundagen (dagen etterpå) var vel verd turen.

Sak 5.  Eventuelt
       Ingen saker. Styremøtet med alle sine saker vart avvikla på 1,5 t. Bra!

Medlemsmøtet like etter at styremøtet samla 25 medlemmer til sosialt samvere.
Det og var bra. To jubilantar, ein 70 år og ein 80 år, nytta høve og takka for
pengegåvene dei hadde fått frå styret og kollegaer.

 

Ref. i Kristian sitt fråvær

Helge