Styremøte 10.05.2019

Utstillingssalen, Førdehuset

Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.


Referat frå styremøte 10.05.2019 Utstillingssalen/Førdehuset

Til stades:  Oliv, Kjell, Helge Bjørg (på telefon) og Kristian
Sak 1. Referat fra forrige møte.
Ingen merknadar

 

Sak 2. Info fra Landsmøte 2019,  7-8 mai 2019 på Gardermoen Airport Hotell.

Utsendingane Oliv og Kristian informerte frå møtet både på styremøte og

seinare også på medlemsmøte.

 

Sak 4. Økonomi

Kjell gikk gjennom status rapport frå Styreweb. Liten aktivitet i april.

Styret drøfte deretter kostnad og sponsing frå lokalforeininga i samband med tur til Måløy mm. Total kostnad er berekna til kr 687 pr deltakar. Turen vert sponsa med kr 187 frå foreininga. Eigenandel for medlemmar blir då kr 500 alt inkludert.
For andre vert prisen kr 700. PS: Det vert høve til å melde seg inn i foreininga på bussen og betalar då medlemspris for turen !!  Prisane er berekna ut frå ca 40 deltakarar.

Medlemsmøtet tok til kl 1100 og hovudsak var :

Medlemstur til Måløy og området rundt 4 juni 2019.

Turnemnda har lagt opp til eit innhaldsrikt og spennande program som vi trur mange vil delta på. Vær derfor rask med påmelding då det er avgrensa plass –  først til mølla !
Turen startar frå Førde/Firda Billag tysdag 4 juni 2019 med avgang kl 0900.
Avgang frå Skei ca kl 0945 (OBS dei som kjem frå Sogndal området)


Turen går utover til Måløy med første besøk på Refviksanden

I enden av bygda Refvik ut mot  åpne havet, ligg den kvite og fine ca1 km lange Refvik sanden. Dette prakteksemplaret av ei badestrand med snø kvit sand som nesten blender i sola skal man leite lenge for å finne maken til. Det er ikkje uten grunn at denne stranda har blitt kåra til landets finaste.

I Måløy vert det besøk på Måløyraid senteret til minne om invasjonen i Måløy i romjula 1941.

Måløyraidet, med kodenavn « Archery» ble en viktig og strategisk seier for de allierte, over Hitlers nazistyrker, og starten på Hitlers nederlag, under 2.verdenskrig. Historien vil sette deg tilbake i tid, med autentisk film, bilder, lyd, lukt, gjenstander og grafisk design.

Dessverre falt Kaptein Martin Linge under aksjonen.

 

Etter Måløyraidet går vi rett over gata og får servert middag på Kraftstasjonen restaurant – kjent for sin velsmakende mat – noe å glede seg til!!

 

Etter ein god middag går turen til Torskangerpollen/Oppdal for å sjå Kannesteinen .

Denne spesielle skulpturen i stein, forma av naturen sjølv, står i fjøra i Oppedal på øya Vågsøy. Etter å ha slipt og bearbeida denne 3 meter høge steinen i tusener av år viser naturkreftene seg her som den dyktigaste kunstnar.

 

PS: Ta med litt nistemat og drikke på turen !!

Turen går etter dette tilbake mot Skei og i Førde ca kl 2030

 

Viktig: Påmelding til Helge Ottesen, tfn  472 78 650 , e-post: helge.normann.ottesen@enivest (ring eller send melding) innen 25 mai 2019 !

 

Deltakarar på medlemsmøte 23
Kristian (ref)