Tur til Bulandet og Værlandet tirsdag 5 juni 2018

Vårens vakraste tur til Øyriket Vest i Havet.

     TUR TIL VÆRLANDET/BULANDET 5. JUNI 2018

 

Telepensjonistane Sogn og Fjordane planlegg tur til Værlandet/Bulandet tysdag 5/6-2018.

Buss frå Firda Billag, Førde, kl 10.00 til Askvoll, der bussen tek oss på ferga til Værlandet.

Guiden Ruth Bakke vil ta i mot oss på kaia og blir med på heile turen.

Først ein visitt hos Landøy Stein på Værlandet.

Bussen køyrer oss vidare ein rundtur på Bulandet, og stoppar på utsiktshøgda Halsøyhogen.

Deretter ein tur til museet Engelbua, som serverer smaksprøve på sild og poteter.

Vi forlet Værlandet kl 16.30.

 

Alle må ta med mat og drikke, for middagen blir ikkje før ca kl 1730, då vi er tilbake til Askvoll og Askvoll Sjøbuer.

Etter eit godt måltid, køyrer bussen oss tilbake til Førde, og vi reknar

med å vere på Firda Billag ca kl 20.00.

Telepensjonistlaget sponsar medlemmane, og samla pris for turen vert

kr 500,- pr medlem og kr 700,- pr ikkje medlem.

Håpar på ein fantastisk tur i «Øyriket», og at ver-gudane er med oss.

 

Bindande påmelding innan 22. mai til

Helge Ottesen.

E-mail: helge.normann.ottesen@enivest.net

Telefon: 47 27 86 50

 

Helsing

Turnemda (John og Oddlaug)