Vedtekter for Telepensjonistane i Sogn og Fjordane

Årsmøte 2016 har vedteke nye vedtekter

VEDTEKTER

                               For Telepensjonistlaget i Sogn og Fjordane.

                                                                                                                                             Sist endra:

  1. februar 2013
  2. februar 2016
  • 1 Namn

Laget sitt namn er: TELEPENSJONISTLAGET  I  SOGN OG FJORDANE.

  • 2 Formål

Laget sitt formål er å verne og fremje medlemane sine sosiale, kulturelle og økonomiske interesser og å arbeide aktivt for å påverke eldrepolitikk/-omsorg i praksis.

  • 3 Medlemsskap

Alle pensjonistar, frå Telenor m/dotterselskap og utskilde einingar, og deira ektefeller/sambuarar og attlevande ektefeller/sambuarar kan bli medlem av laget.  Frå ein alder vedtatt av årsmøtet kan medlemane bli HONNØRMEDLEM med redusert kontingent.

  • 4 Kontingent

Medlemskontingenten blir fastsett av årsmøtet.

  • 5 Årsmøtet

Høgste myndigheit i laget er årsmøtet. Det skal haldast årleg innan 15. februar.  Årsmøtet skal kallast inn med 3 vekers varsel. Forslag som ein ynskjer å få handsama, må vere komne til styret seinast 2 veker før årsmøtet.

Årsmøtet handsamar:

  • Årsmelding
  • Revidert rekneskap (rekneskapen fylgjer kalenderåret)
  • Fastsetting av medlemskontingent
  • Budsjett
  • Innkomne forslag
  • Val i samsvar med § 7. Val blir avgjort med alminneleg fleirtal og skal vere skriftleg dersom nokon ber om det.
  • 6 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte blir innkalla med 14 dagars varsel, når styret finn det nødvendig eller når minst 1/3 av medlemane skriftleg krev det. Berre dei sakene som er årsak til innkallinga kan handsamast på ekstraordinært årsmøte.

 

  •  7  Styret

Laget vert leia av eit styre på 5 medlem med 2 varamedlem.                                                          Styremedlema (utanom leiaren) har funksjonstid på 2 år. Dei 2 revisorane har funksjonstid på  2 år, sameleis dei 3 i valkomiteen og dei 2 i turnemnda.                                                                                      Kvart år skal det velgast:

  • Leiar for eit år
  • 2 styremedlem for 2 år
  • 2 varamedlem for styret for 1 år
  • 1 revisor for 2 år
  • 1 vararevisor for 1 år
  • 1 alternativt 2 medlem til valkomiteen for 2 år. Ein av dei 3 vert utpeika som leiar.
  • 1 medlem til turnemnda for 2 år. Ein av dei 2 vert utpeika som leiar.
  • Eventuelt andre nemnder som er oppretta av årsmøtet. Styret  konstituerer seg sjølv med nestleiar, sekretær og kasserar.
  • 8 Styret sine oppgåver

Styret skal:

  • Handsame alle saker som gjeld laget si verksemd og sette i verk dei tiltaka som kan fremje laget sitt formål.
  • Rettleie og fylgje opp arbeidet i komitear/utval som er oppretta av årsmøtet eller styret.
  • Sjå til at laget sine midlar blir forvalta på ein forsvarleg måte og at rekneskap og behaldning alltid er i orden.
  • Utnemne dataansvarleg og kontaktperson for medlemsbladet Telepensjonisten.
  • 9 Møte

Leiaren kaller inn til styremøte og medlemsmøte og leier desse. Dersom leiaren har forfall tar nestleiaren over. Det skal kallast inn til møte så ofte som leiaren eller styret finn det ynskjeleg.

  • 10 Oppløysing

Oppløysing av laget kan vedtakast på ordinært årsmøte med 2/3 fleirtal av dei frammøtte. Vedtak om oppløysing skal leggast fram for ekstraordinært årsmøte, som stadfester dette med simpelt fleirtal. Laget sine arkiv, protokollar og rekneskap skal sendast over til Telepensjonistenes landsforbund til oppbevaring. Laget sine aktiva skal også takast vare på av landsforbundet og nyttast ved ei  eventuell nydaning av pensjonistlag same stad.

  • 11 Vedtektsendring

Endring av vedtektene krev 2/3 fleirtal av årsmøtet sine røyster.