Telepensjonistane i Sogn og Fjordane.
Referat frå styremøte 03.09.2019 Utstillingssalen/Førdehuset
Til stades: Oliv, Kjell, Helge og Kristian
Fråvær: Bjørg
Sak 1. Referat fra forrige møte.
Ingen merknadar
Sak 2. Evaluering av Måløy-turen
Bortsett frå at været kunne vore betre, var dette ein vellukka tur på alle måtar. Det var
52 med i bussen og i tillegg tre lokale deltakarar som også fungerte som guidar. Takk til Inger Sætren og Odd Helge Kvalheim – veldig kjekt med to som hadde mykje å fortelje frå heimeområdet sitt ! Fiskemiddagen på Kraftstasjonen restaurant var ein smakfull oppleving !
Måløyraid senteret var absolutt verdt eit besøk – eit historisk tilbakeblikk på det som skjedde i Måløy juledagane i 1941.
Flott referat frå turen vart laga av Bjørg og Ingunn og kan lesast på heimesida vår.
Gå deretter inn på Turer – Sogn og Fjordane.
Referatet frå turen er sendt Telepensjonisten som trulig kjem i neste nr av bladet.
Kostnadane og budsjett for turen stemde svært bra – avvik kr 500.
Sak 4. Økonomi
Kjell gikk gjennom status rapport frå Styreweb. Liten aktivitet i sommar månadane og lite å
rapportere – alt i rute.
Sak 5. Eventuelt/Saker som vi bør jobbe med.
Styret drøfta forslag til turar og medlemsmøter til hausten.
Bjørg hadde komme med fleire gode forslag – veldig bra ! Konklusjonen vart at det ikkje blir tur til hausten, men gode innspel til turprogram våren 2020.
Det som vart bestemt var at neste medlemsmøte blir på Skei hotell tysdag 01.10.2019 kl 1100.
Her håpar vi å samle fjordingar og sogningar til felles medlemsmøte.
Avreise frå Førde i privatbilar – 4/5 meldte seg for køyring. Avreise frå Førde kl 1000
Bjørg: Kan du informere i Sogn og evt koordinere transport.
Det er ikkje lagt opp til påmelding til møtet, men vi kan vel rekne med 25 -30 personar ??
Møterom, servering og avtale pris med hotellet. (vart vel ikkje avklart kven som gjør det ?)
Evt
Eldredagen i Førde vert 4 oktober. Dagunn orienterte
Møtedeltakarar: 22
Kristian (ref)