TELEPENSJONISTLAGET SOGN OG FJORDANE
REFERAT
Frå styremøte, Førde hotell, tysdag 05.01.2016 kl. 1000
Til stades: Oliv Ottesen, Helge Ottesen, Harald Steiro , Kristian Strømmen
Sak 1. Referat frå «styremøte» 03.11.15
Ingen merknader
Sak 2. Evaluering julelunsjen
Julelunsjen i 2015 vart halden på Thon Hotell, Førde. I tidligare år har lunsjen vore på Scandic Hotell (Sunnfjord Hotell) og det var derfor naturleg då å samanlikne disse to hotella. Thon Hotell kom best ut når det gjaldt maten, mens Scandic best mhp lokale mm. Oppsettet av bord, plassering av musikk og mat kan forbetrast på Thon. Likeeins var lyden dårlig/akustikken både for musikken og dei som skulle framføre noko under samlinga. Litt «statisk», store bord og avstand mellom borda gjorde at «samrøre» kunne vore betre. Kanskje utfordre deltakarane til litt rotasjon under samlinga ??
Sak 3. Er det noko styret burde gjort annleis i 2015 ?
Hensikta med dette er å gjere møta meir interessante og skape «kveik» for gamle og nye medlemar. Oliv viste her også til medlemsauken som andre hadde fått, mens vi låg på «status quo». Her framkom (under medlemsmøte) fleire forslag. Finne fram til aktuelle lokale personar, Arne Åsland og stølane i Førde var nemnd. Ha møter i Førdeparken, Kronborg Ressurshage, Hellenes, Lotteritilsynet, Kunstmuseet med omvising på disse stadane. Turar til stølane ……
Sak 4 Skriv frå forbundet Skriv om Momskompensasjon og Statsbudsjettet 2016 vart referert.
Sak 5. Årsmøte 2016
Årsmøtet blir i Førdhuset/Utstillingssalen tysdag 9 februar 2016 kl 1100. Harald avtaler med Førdhuset om lokale, kaffi, rundstykke og middag.
Tidplan: Fredag 15 januar klargjøring og utsending av invitasjon, årsmelding osv. Møtes hos Oliv/Helge. Påmelding til årsmøte innen 1 februar 2016 til Helge. Forslag til årsmøtet må være styret i hende innen 26 januar 2016. Kristian laga forslag til medlemsbetaling ved fylte 85 år. Kristian tar kontakt med Førde kommune – Innlegg Førdepakken (Arve Seger ??)
Oliv kontakta valnemnda for oppstart og evt endring i styre som drøfta på styremøtet.
Sak 6. Eventuelt
Målfrid og Gerd hadde besøkt Liv og Borgny på helsetunet . Begge sette stor pris på besøke. Svært god ordning og kjekt å få besøk og helsingar frå tidligare kollegaer. 13 på medlemsmøte Kristian (ref)